Liv Signe Navarsete

Faktaboks

Liv Signe Navarsete
Født
23. oktober 1958, Sogndal
Liv Signe Navarsete er Sp-politikar frå Sogn. Ho har vore stortingsrepresentant i fleire periodar og er tidlegare leiar i Senterpartiet og statsråd i to departement.
Av /Stortinget.

Artikkelstart

Liv Signe Navarsete er ein tidlegare stortingsrepresentant og statsråd for Senterpartiet. Ho var leiar i Senterpartiet frå 2008 til 2014 og samferdsleminister og kommunalminister i den raud-grøne regjeringa til Jens Stoltenberg. Ho var innvald til Stortinget frå Sogn og Fjordane frå 2005 til 2021.

Bakgrunn

Liv Signe Navarsete er fødd i Sogndal. Ho har utdanning som cand.mag. i økonomi, administrasjon og IKT ved Høgskulen i Sogn og Fjordane 1999. Yrket sitt har ho hatt innan landbruket som sjølvstendig næringsdrivande sidan 1977, frå 1987 til 1996 som salskonsulent for Sogn og Fjordane meieri.

Politisk karriere

Forutan å ha sete i kommunestyra både i Sogndal og Lærdal har Navarsete vore medlem av fylkestinget i Sogn og Fjordane 1995–1999 og fylkesutvalet 1999–2005.

I 2005 vart ho vald inn som stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane for Senterpartiet (vara 2001–2005), men ho gjekk snart over i jobben som statsråd i Samferdselsdepartementet (2005–2009) og i perioden 2009–2013 i Kommunal- og regionaldepartementet. Navarsete vart attvald på Stortinget i 2009, 2013 og 2017. Ho stilte ikkje til attval ved valet i 2021.

Navarsete var leiar i Sogn og Fjordane Senterpartiet 1998–2004, og 2. nestleiar i Senterpartiet sentralt 2001–2008 og leiar i perioden 2008-2014. Liv Signe Navarsete trekte seg som partileiar etter konflikter i partiet i 2014, og Trygve Slagsvold Vedum vart vald til ny partileiar. Ho gjekk samstundes av som parlamentarisk leiar i Senterpartiet, som ho hadde vore sidan 2013. Navarsete held fram som stortingsrepresentant. Ho var utanriks- og forsvarspolitisk talsperson for Senterpartiet frå 2015 til 2021.

Navarsete har elles hatt ei rekkje offentlege og private verv, mellom anna som styremedlem i Gjensidige Forsikring og styreleiar i Vestlandsforsking.

Standpunkt

Som samferdsleminister vart Navarsete stilt overfor store utfordringar. I hennar periode hadde klimaendringane sett sitt preg på det offentlege ordskiftet, og miljørørsla har kravd mindre utslepp frå transportsektoren. Svaret på dette har blant anna vore auka statlege investeringar i jernbanenettet. På den andre sida hadde mange store forventningar til at Navarsete skulle få til løysingar på uløyste vegprosjekt, ikkje minst i distrikta. Ho har likevel avvist offentleg-privat samarbeid (OPS) som finansieringsmåte i vegsektoren.

Våren 2008 markerte Navarsete seg som ein verdikonservativt medlem av regjeringa. Saman med Magnhild Meltveit Kleppa tok ho dissens på forslaget i den nye ekteskapslova om å gi lesbiske tilgjenge til assistert befruktning. Dette var den første dissensen i denne regjeringa.

Navarsete blir referert på nynorsk i Stortinget. I 2007 fekk ho Storegutprisen for god og levande nynorskbruk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg