Jon Georg Dale

Faktaboks

Jon Georg Dale
Født
16. juni 1984, Volda, Møre og Romsdal
Jan Georg Dale
Av .

Artikkelstart

Jon Georg Dale er tidlegare stortingsrepresentant for Framstegspartiet (FrP) frå Møre og Romsdal i 2017–2021. Han er tidlegare statsråd i regjeringa Solberg som landbruks- og matminister i 2015–2018 og samferdselsminister i 2018–2020.

Bakgrunn

Jon Georg Dale er fødd i Volda i Møre og Romsdal. Dale har arbeidd i næringsmiddelbransjen i 2003–2010, mellom anna som kjøtskjerar hos Nortura, Johs. Jacobsen kjøtt AS og hos Kraft Laks AS. I 2010 fekk han jobb som helsepolitisk rådgivar i stortingsgruppa til Framstegspartiet.

Politisk karriere

Dale har vore gruppeleiar for Framstegspartiet i Volda kommunestyre og har òg vore politisk nestleiar i både Møre og Romsdal FrP og i Møre og Romsdal FPU. Dale var medlem av Volda kommunestyre i 2003–2015 og i perioden 2007–2011 møtte han i fylkestinget i Møre og Romsdal.

Ved stortingsvalet i 2009 var han første vararepresentant til Stortinget for FrP i Møre og Romsdal, og frå 2013 til 2021 var han innvald som fast stortingsrepresentant. Han var medlem av energi- og miljøkomiteen på Stortinget i 2020–2021 og av arbeids- og sosialkomiteen i 2021. Hausten 2013 vart han utnemnd til statssekretær for samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen og hausten 2014 vart han utnemnd som statssekretær for finansminister Siv Jensen i Finansdepartementet.

16. desember 2015 vart Dale utnemnd til landbruksminister i regjeringa Solberg. Han var samferdselsminister i same regjering i 2018–2020, fram til Framstegspartiet gjekk ut av regjeringa i 2020. Dale har hatt ei særleg interesse for samferdselspolitikk og helsepolitikk. Han stilte ikkje til attval ved stortingsvalet i 2021. Etter endt periode på Stortinget i 2021 har Dale teke til som partnar i PR-byrået First House.

Utmerkingar

Dale fekk i 2017 Målprisen 2016 frå Volda Mållag for godt og viktig arbeid for bruk av dialekt og nynorsk skriftmål.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg