Henrik Angell

Faktaboks

Henrik Angell

Henrik August Angell, Henrik August Johanson Angell

Født
22. august 1861, Luster, Vestland
Død
26. januar 1922, Kristiania
Tusjteikning av Henrik Angell. Frå 1800-talet, år ukjent.
Av /Rune Aakvik / Oslo Museum .

Artikkelstart

Henrik Angell var offiser, forfattar, militærromantikar, krigshelt og målmann. Han vart den første norske medlemen av Den internasjonale olympiske komité (IOC). Angell gjekk på ski over Hardangervidda før Fridtjof Nansen og fremja interessa for skiidrett i Noreg og utanlands.

Bakgrunn

Henrik Angell var fødd i Luster i Sogn. Han utdanna seg ved Krigsskulen i Kristiania frå 1877 til 1882 og den militære høgskulen frå 1882 til 1886.

Militær karriere

Med aspiranttid i generalstaben steig han raskt i gradane. Mellom anna var han kaptein og sjef for 2. linjekompani av Sogn bataljon frå 1889 i seks år, frå 1911 oberst og sjef for Søndermør infanteriregiment fram til 1914 og deretter sjef for Smaalenenes infanteriregiment fram til 1918. Då fekk han avskil i nåde for å verve seg til den franske framandlegionen for å delta på fransk side i første verdskrig. Han kjempa først på Vestfronten. Seinare, under teneste i Murmansk, vart han hardt skadd og vende heim til Noreg i 1920. Før han døydde, skreiv han artiklar og heldt foredrag om dei eventyrlege opplevingane sine.

Forfattarskapen

Debutboka hans var ei lærebok i teikning i 1893. Seinare kom om lag tjue bøker, særleg reiseskildringar og krigshistorie. Populær vart Gjennem Montenegro paa ski (1895), basert på ein ekspedisjon Angell gjorde under eit studieopphald i Montenegro, der han studerte den montenegrinske fridomskampen. Den heroiske guteboka De sorte Fjeldes Sønner (1896), var dedisert til Noregs ungdom og hær. Opplagstala var svært høge på nokre av arbeida hans, Syv-aarskrigen for 17de mai (1914) er eit døme.

Angell var målmann og gav ut fleire bøker på nynorsk, mellom dei Norsk skilauparsoga (1908). Mykje av den litterære produksjonen vart omsett til serbisk og fransk. Braves enfants, basert på Kjække gutter og jenter (1904), vart utgitt posthumt.

Skisportpioner

Monument over Henrik August Angell i Holmenkollen, utført av Gustav Lærum.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Angell gjekk på ski over Hardangervidda i 1884, like før Fridtjof Nansen gjorde det same. Angell ønskte å vere med på skiferda over Grønland, men det vart med draumen. Han er elles rekna som grunnleggjaren av skiidretten i Montenegro, etter at prins Nikola i 1893 bad han om å starte skiskule i Cetinje for militære og sivile. Han var seinare med på å etablere den første skiskulen i Frankrike.

Angell vart den første norske medlemen av Den internasjonale olympiske komité (IOC), i 1905. Han fekk mange utmerkingar, mellom anna det serbiske militærkorset, det britiske militærkorset og det franske krigskorset med rosett. Han vart offiser av Æreslegionen i Frankrike. '

I 1923 vart ein statue av Angell, laga av Gustav Lærum, reist på Holmenkollen. Under OL i Sarajevo i 1984 vart skisportpioneren Angell heidra med ei minnetavle i Cetinje.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Roy Andersen: Henrik Angell. En nordmann på tvers. Oslo 2000
  • Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik: Dikting og diktarar frå Sogn. Sogn historielag. Førde 1979
  • Egil Børre Johnsen og Trond Berg Eriksen (red.): Norsk litteraturhistorie. Sakprosa, bd. 1 og 2. Oslo 1998
  • Gunvor Risa: «Barnelitteratur – i fedrelandets teneste», i Egil Børre Johnsen og Trond Berg Eriksen (red.): Norsk litteraturhistorie. Sakprosa, bd. 1. Oslo 1998
  • Sverre Tusvik: «Bestseljarar i det 20. hundreåret», i Egil Børre Johnsen og Trond Berg Eriksen (red.): Norsk litteraturhistorie. Sakprosa, bd. 2. Oslo 1998

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg