Faktaboks

Harland & Wolff

Harland og Wolff

Harland and Wolff

Stifta
1861
Arbeidarane går heim frå Harland & Wolff, 1911
Harland & Wolff-verftet i 1911. På biletet er arbeidsdagen over og arbeidarane er på veg heim. Skipet under bygging i bakgrunnen er Titanic.
Kranene Samson og Goliat hos Harland og Wolff
Harland & Wolff er eit landemerke i Belfast på grunn av dei to gigantiske kranene verftet reiste over den enorme tørrdokka i 1969 og 1974. Dei fekk dei bibelske namna Samson og Goliath (106 og 96 meter høge) og hadde samla løfteevne på nesten 1700 tonn. Desse kan ein sjå frå nesten alle delar av Belfast.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Harland & Wolff er eit skipsverft i Belfast som vart grunnlagt i 1861, som i dag er del av Harland & Wolff Group Holdings. Verftet var størst i verda med nær 35000 tilsette under andre verdskrigen. Det er særleg kjend for å ha bygd RMS Titanic, som sokk på veg til New York i april 1912, og for sine store bidrag til skipsbygging og reparasjonar under andre verdskrigen. Periodevis var den unionistisk dominerte arbeidsstokken aktive i konfliktane i Nord-Irland både på og utanfor arbeidsplassen.

Etter nedgang gjennom heile etterkrigstida har talet på syssselsette auka noko til over 1000 i 2020-åra, om lag halvparten av desse i Belfast. Hovudsatsinga i dag er offshorekonstruksjonar, særleg knytte til fornybar energi.

Etablering

Harland & Wolff vart grunnlagt av briten Edward James Harland (1831–1895) og tyskfødde Gustav Wilhelm Wolff (1834–1913) på Queen’s Island ved Belfast sentrum i 1861.

Ved grunnlegginga var Belfast ein raskt veksande industriby med 119 000 innbyggjarar, i 1900 var det om lag 350 000. Tekstilindustrien og verftsindustrien var dominerande, og Harland & Wolff var største arbeidsplass. Ved Harland & Wolff var nasjonalistar (dei som ønskte sjølvstende for Irland) i stor grad reservearbeidskraft som vart tekne inn i gode tider og vart arbeidslause i dårlege tider.

Skipsbyggjarar for verda

Gjennom det fyrste tiåret, 1860-åra, vart 58 skip sjøsette frå Harland & Wolff, og frå 1900 til 1909 bygde dei 77 skip. Før første verdskrigen var verftsindustrien i Belfast eit hovudsenter for britisk verftsindustri og stod for 8 prosent av samla nybygd skipstonnasje i verda i 1914. Harland & Wolff var hovudfaktoren bak dette.

Titanic

Titanic
Harland & Wolff er særleg kjend for å ha bygd RMS Titanic. RMS Titanic ved avreise frå Southampton 10. april 1912.
Av .

Harland & Wolff vart særleg kjend etter at det britiske reiarlaget White Star Line gav dei kontrakt på bygging av passasjerskipet RMS Titanic (sjøsett 1912) og systerskipa Olympic og Britannic. Då Titanic vart bygd, var det det største skipet i verda, 269 meter langt og 28 meter breitt. Over 15 000 arbeidde med Titanic, og under 2 prosent av desse var katolikkar. Titanic var det store prestisjeprosjektet som gjekk så frykteleg feil.

Titanic var blant dei mest luksuriøse passasjerskipa i samtida, og var spesialkonstruert etter plan frå skipsarkitekten Thomas Andrews frå grevskapet Down i Nord-Irland. Han var også administrerande direktør ved verftet. Det vart hevda at det var nesten uråd at Titanic kunne søkka, fordi det hadde 16 vasstette rom som kunne forseglast slik at skipet kunne flyta sjølv om fire av dei var fylt med vatn. Titanic sokk likevel etter å ha støytt på eit isfjell på veg frå Southampton via Cherbourg (Frankrike) og Queenstown (no Cobh i Irland) til New York natt til 15. april 1912. Mellom 1350 og 1512 av passasjerane og mannskapet omkom, medan 705 overlevde i det som var eit av dei største og mest kjende skipsforlisa i verdshistoria.

På same tida kjøpte Harland & Wolff skipsverft i Glasgow, Southampton, Liverpool og London, mykje på grunn av det aukande konfliktnivået om britisk kolonialt styre i Irland. I den mest intense uroa kring delinga av Irland i åra 1920–1922, vart katolske arbeidarar fordrivne frå Harland & Wolff i Belfast.

Etter ekspansjonen i England og Skottland spesialiserte Harland & Wolff seg i aukande grad på å byggja tank- og lasteskip. Gjennom 1920-åra sjøsette verftet 268 skip.

Massiv produksjon under andre verdskrigen

Harland & Wolffs teiknerom tidleg på 1900-talet
Av .

Under andre verdskrigen bygde Harland & Wolff meir enn 250 marine- og handelsskip, blant dei seks hangarskip. I tillegg bygde dei 123 sivile handelsskip og meir enn 500 tanksar, og reparerte mesteparten av dei 22 000 andre sivile og militære skipa som vart reparert ved verfta i Belfast. Dette er det største einskildbidraget til sjømilitær styrkeoppbygging og varetransport frå noko skipsverft under andre verdskrigen. Dette gjorde også verftet utsett for intensiv bombing frå tyske Luftwaffe under Belfast-blitzen våren 1941.

Nedgangstid i etterkrigstida

Etterkrigstida var ei lang nedgangstid for Harland & Wolff. I jetflyas tidsalder gjekk etterspurnaden etter passasjerskip ned, og det siste vart bygd i 1960–1961. Tevlinga frå verft i Asia om å byggja tankskip og supertankarar vart også skjerpa. Frå dei tidlege 1960-åra vart Harland & Wolff sine verft i England og Skottland nedlagde, då dei ville konsolidera drifta i Belfast i vanskelege tider. Sjølv ikkje med omfattande tiltak frå Unionistpartiregjeringa i Belfast og britisk nasjonalisering i 1960-åra kunne nedbygginga hindrast. Nedgangstidene skjerpa konkurransen om færre arbeidsplassar, og gav næring til ny religions-sekterisk fordriving av arbeidskraft frå Harland & Wolff og andre større arbeidsplassar.

Forfattaren og sosialisten Samuel Thompson, som arbeidde ved Harland & Wolff frå han var 14 år, skreiv verket Over the bridge, som hadde verftsindustrien og sekterismen der i 1950-åra som tema. Unionistar prøvde fyrst å stogga teateroppsettinga av verket, men det vart ei av samtidas største teatersuksessar i Nord-Irland då det vart sett opp i januar 1960.

Gjennom 1960-åra sjøsette Harland & Wolff 64 skip, etter dette gjekk produksjonen raskt ned til 29 i 1970-åra og 13 i 1980-åra.

Norske eigarinteresser

I 1989 vart verftet kjøpt av eit eigarskap dominert av norske Fred. Olsen. Då hadde Harland & Wolff omlag 3000 tilsette. Nedgangen heldt likevel fram. Verftet bygde sitt førebels siste skip i 2003, og produserte etter dette andre marine konstruksjonar. I 2019 var talet på sysselsette i Belfast nede i 115, konkursen var nær, og holdingselskapet Fred. Olsen trakk seg ut. Nye eigarar restrukturerte, held fram med å byggja andre marine konstruksjonar, og er i gang med å byggja høgteknologiske spesialskip. I 2023 arbeidde om lag 500 av dei 1000 tilsette i Belfast, resten på verft i Skottland og England.

Industriarbeidsplass, landemerke og kulturminne

Titanic-museet
Titanic vart bygd av Harland & Wolff i Belfast. I 2012 opna eit eige Titanic-museum på Queen's Island, på verftstomta der Titanic vart bygd.
Titanic-museet
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Harland & Wolff var i mange tiår viktig økonomisk for Belfastregionen, fordi det var den største arbeidsplassen i Nord-Irland. Bygginga av Titanic skulle vera ein triumf for samtidas ingeniørkunst, men forliset gav eit kollektivt traume. Det enorme bidraget til militær og sivil krigsproduksjon i 1940–1945 vart eit symbol på innsatsen og styrken til industribyen Belfast.

Kulturhistorisk er Harland & Wolff framleis viktig for byen, fyrst og fremst som ein turistattraksjon og landemerke på grunn av dei to gigantiske kranene verftet reiste over den enorme tørrdokka i 1969 og 1974. Dei fekk dei bibelske namna Samson og Goliath (106 og 96 meter høge) og hadde samla løfteevne på nesten 1700 tonn. Desse kan ein sjå frå nesten alle delar av Belfast. I 1995 vart dei rekna som kulturminne og fekk vern mot riving.

Ferdigstillinga av Titanic Belfast (Titanic-museet) på verftstomta til Harland & Wolff i 2012 gav Belfast ein kulturhistorisk turistmagnet. Museet gjev ein brei industrihistorisk inngang til verftsindustrien, fokuserer inn mot Harland & Wolff og på bygginga av Titanic, fylgjer skipet til forliset og avsluttar med etterhistoria i film, litteratur og populærkultur.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Cameron, Stephen (2011). Belfast Shipbuilders: A Titanic Tale (1st ed.). Newtownards, Colourpoint Books.
  • Greiff, Mats (2004); Vi bodde, bad och blev utbildade som om vi vore på skilda kontinenter. Katolska och protestantiske arbetare i Belfast 1850-1914. Malmø, Malmø Høgskola.
  • Kenna, G.B (1997) [1922].; The Belfast pogroms 1920-22. Facts and figures. Dublin, The O’Connell Publishing Company 1922.
  • Kennedy, Liam & Ollerenshaw, Philip (red.) (1985); The economic history of Ulster. Manchester, Manchester University Press.
  • Lynch, J.P. (2001); An unlikely success story. The Belfast shipbuilding industry 1880-1935. Belfast; The Belfast Society/The Ulster Historical Foundation.
  • McCluskie, Tom (2007); No place for a boy. A life at Harland & Wolff. Stroud – Gloucestershire, Tempus Publishers.
  • McCluskie, Tom (2013); The rise and fall of Harland & Wolff. Cheltenham, The History Press.
  • Moss, Michael & Hume, John R. (1986); Shipbuilders to the world. 125 years of Harland and Wolff. Belfast, Blackstaff Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg