Emily Dickinson

Faktaboks

Emily Dickinson

Født: Emily Elizabeth Dickinson.

Uttale
dˈikinsən
Født
10. desember 1830, Amherst, Massachusetts, USA
Død
15. mai 1886, Amherst, Massachusetts, USA
Av /Yale University Manuscripts & Archives.

Artikkelstart

Emily Dickinson var ein amerikansk lyrikar, som posthumt vart anerkjent som ein av dei store forfattarane innan amerikansk litteratur gjennom tidene. Dikta hennar har ofte mystisk innhald og tek for seg emne som døden og etterlivet, samstundes som biletspråket har rom for det kvardagslege.

Bakgrunn

Emily Dickinson var fødd i Amherst i Massachusetts, USA. Den kalvinistiske Dickinson-familien var sentral i Amherst lenge før Emily Dickinson vart fødd. Til å vere jente tidleg på 1800-talet fekk Emily ein eineståande god skulegang, noko som hang saman med familien sine tette band til det akademiske miljøet i byen. Ho fekk først skulegang ved Amherst Academy, deretter på Mount Holyoke Female Seminary, der ho gjekk fram til ho var 18 år gamal.

Som ungdom var ho blid og humoristisk og synte lite av den sky sida ho utvikla seinare i livet. I 1855 kjøpte far til Dickinson attende huset Homestead, som var bygd av bestefaren, men seinare selt på grunn av dårleg økonomi. Her vart Dickinson buande livet ut. Utover livet vart ho gradvis meir tilbakehalden, og frå slutten av 1860-åra levde ho nesten heilt isolert, berre saman med sine nærmaste i familieheimen Homestead.

Avsperra frå omverda hadde Dickinson likevel ei enorm livskraft og mykje energi, noko ho mellom anna skildra for skribenten og presten Thomas W. Higginson i eit brev: «I find ecstasy in living – the mere sense of living is joy enough.» Ho var fleire gonger forelska i denne tida, mellom anna i den eldre dommaren Otis Lord, som ho hadde eit tett forhold til, utan at det nokon gong kom til giftarmål.

Forfattarskapen

Det var få som visste at Dickinson skreiv, og først etter hennar død vart det oppdaga at ho hadde etterlate seg 1775 dikt. Berre ei handfull av desse hadde vorte offentleggjorde medan ho levde, og då til dels omskrive av redaktørar. Det første diktet hennar som vart publisert, vart trykt i The Springfield Republican i 1852. I 1858 gjekk ho inn i ein svært produktiv periode, som varte fram til 1865, men berre ei handfull av desse dikta vart likevel publiserte. Det første utvalet av dikta hennar kom ut i 1890, fire år etter at ho døydde.

Skrivestil og tema

Litteraturhistorisk er Dickinson vanskeleg å setje i bås. Dei ofte svært stutte versa hennar teiknar opp slåande, eksplosive bilete med ein eineståande økonomi. Diktinga har spor av Ralph Waldo Emerson sin transcendentalisme, og i likskap med Walt Whitman bryt ho tradisjonelle normer for diktskriving, med ein eigenart både i form og innhald som skil henne frå andre samtidige poetar.

Det strengt religiøse New England-samfunnet pregar dikta hennar. Nesten alle er skrivne i salmeversemål, og den bibelske og religiøse terminologien er sterkt til stades. Likevel kan dikta hennar ikkje seiast å vere kristne, men følgjer si eiga form for overskridande spiritualitet, fri frå etablerte, religiøse doktrinar. Det som vekte oppsikt var Dickinson sitt særprega formspråk, som braut med den estetiske smaken i tida, samt dei dristige tankane hennar, særleg når ho skreiv om Gud eller om døden. Det låg føre tre utkast til storparten av dikta, som ofte hadde vorte sende til nære venner i brev.

Frå intens skriving til full avsperring

Det er usikkert kva som utløyste den brå produktiviteten hennar rundt 1858, veit vi ikkje, men før ho fylte 35, hadde ho skrive over tusen dikt. Nokre få vart publiserte anonymt, ein del delte ho med utvalde vener og familiemedlemer, men dei fleste organiserte ho sjølv i små, bundne hefte som ho aldri viste til nokon.

Dickinson var òg ein ivrig brevskrivar, og dei to viktigaste brevvenene hennar var svigerinna Susan, som fekk tilsendt over 250 dikt, og Higginson, som ho skreiv med frå 1862 og til ho døydde. Til han sende ho over 100 dikt.

I 1864–1865 hadde ho to lange opphald i Cambridge, Massachusetts for å få behandling for ein augeskade. Det var dei siste lengre periodane ho budde utanfor heimen. Etter dette var ho sjeldan utanfor tomta til faren, men var oppteken med heimelivet der, med stell av dei gamle foreldra, og diktinga, som heldt fram med noko lågare frekvens enn før.

Oppdaging og ettermæle

Etter at Dickinson døydde i 1886, fann systera Lavinia samlinga med manuskript som var gøymd på rommet hennar. Ho vart overvelda av omfanget på diktinga til systera. Lavinia tok dei etter kvart med til Mabel Loomis Todd, som saman med Higginson redigerte det første Dickinson-utvalet, som kom ut i 1890. Snart oppstod det usemje mellom Dickinson-familien på eine sida og Todd på den andre, noko som stansa all utgiving i mange år.

Sidan Dickinson sjølv aldri gjorde manuskripta sine ferdig til utgiving og dermed gav dikta ei endeleg form, tok dei første utgivarane seg ofte store fridommar med tekstane. Dei tre første samlingane vart gitt ut i 1890-åra. Seinare samlingar kom i 1914, 1929, 1936 og 1945. Ein av grunnane til at utgivinga vart noko tilfeldig, var at manuskripta var fordelte mellom ulike arvingar, som til dels låg i strid også med kvarandre.

I 1914 tok niesa til Dickinson, Martha, opp att utgivinga frå dei manuskripta familien framleis åtte, slik at i 1945 var dei fleste av dikta hennar publiserte, men aldri saman. Ikkje før i 1955 kom den første samla utgåva, The Poems of Emily Dickinson, ved Thomas Johnson. I motsetnad til forgjengarane sine verken redigerte ordlyden eller den spesielle teiknsetjinga i Dickinson sine manuskript. Johnson gav også ut Dickinson sine brev (Letters, 3 bind, 1958). Ei samla utgåve i eitt bind utan tekstvariantar kom i 1960, og eit utval, Final Harvest, kom i 1961.

Sjølv om denne samlinga fekk god mottaking, reagerte mange kritikarar på måten dikta braut med dei tradisjonelle krava til rim og rytme. Det var først med framveksten av modernismen etter den første verdskrigen at ein vidare litterær krins greidde å setje pris på krafta i versa hennar. Mottakinga vart òg påverka av ein langvarig konflikt mellom dei ulike personane som rådde over tekstane, og dessutan vanskane ein hadde med å redigere dei ofte forvirrande manuskripta hennar.

Med framveksten av modernismen og det frie verset vart Dickinson sin motvilje mot å la seg binde av konvensjonell rimstruktur sett på som grensesprengjande. Statusen hennar har stige gradvis til det aller øvste sjiktet av amerikanske poetar. Ho vert rekna som ein sentral forløpar for dei modernistiske diktarane, og ein viktig kritikar.

Dickinson på norsk

Dickinson sine dikt er omsett til norsk og utgitt fleire gongar av mellom andre Inger Hagerup, Paal Brekke, Sigmund Skard og Tone Hødnebø. Fyrste utgåve kom i boka Mitt brev til verden (1977), ved Hagerup og Skard. Ei samla utgåve på norsk kom i 2009, omsett av Kurt Narvesen. Dickinson er inspirasjon for «Eg har tre dikt» av Olav H. Hauge, frå samlinga Dropar i Austavind. I tillegg har eit skodespel om Dickinson av W. Luce, The Belle of Amherst (1976), vore sett opp på norske scener.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Charles R. Anderson: Emily Dickinson's poetry: stairway of surprise, 1960
  • Harold Bloom: The Western Canon. The books and school of the ages. New York 1995
  • Betsy Erkkila: «The Emily Dickinson wars», i W. Martin (red.): The Cambridge Companion to Emily Dickinson. Cambridge 2002
  • Ted Hughes: «Introduction», i E. Dickinson: Poems selected by Ted Hughes. London 2004
  • Thomas H. Johnson: Emily Dickinson : an interpretive biography, 1955
  • Sharon Leiter: Critical Companion to Emily Dickinson. New York 2007
  • Wendy Martin, red.: The Cambridge companion to Emily Dickinson, 2002
  • Domhnall Mitchell: «Emily Dickinson in Norway», i D. Mitchell og M. Stuart (red.): The International Reception of Emily Dickinson. London 2009
  • Vivian R. Pollak and Marianne Noble: «Emily Dickinson. 1830–1886. A Brief Biography», i V. Pollak (red.): A historical guide to Emily Dickinson. Oxford 2004
  • Richard B. Sewall: The life of Emily Dickinson, 1974, 2 bind
  • Cynthia Griffin Wolff: Emily Dickinson, 1986

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg