Terminologi er ord og uttrykk – termar – som er typiske for ei verksemd, eit fag eller ein vitskap.

Faktaboks

Uttale
terminologˈi
Etymologi
av term og -logi

Terminologi er også eit fagområde som tek føre seg omgrep, definisjonar og termar. Arbeid med terminologi blir utført av ein terminolog. Terminologiarbeid går ut på å kartlegge dei omgrepa som høyrer til eit fagområde og relasjonane mellom dei, skrive definisjonar som avgrensar desse omgrepa og foreslå termar som kan brukast som nemningar på omgrepa eller kartlegge aktuelle termar som er i bruk.

Samanhengar mellom ulike omgrep

Omgrep relaterer seg til kvarandre på ulike måtar. Det er ein generisk relasjon mellom omgrep som deler ei mengd kjenneteikn, men der minst eitt kjenneteikn skil dei frå kvarandre. Til dømes har omgrepet køyretøy fleire relaterte underomgrep, som bil, buss og sykkel, som er sideomgrep til kvarandre. Desse omgrepa er altså av samme type som kvarandre.

Når omgrepsrelasjonen er knytt til deler av ein heilskap, snakkar ein om partitive relasjonar. Til dømes utgjer panser, dør og frontrute underomgrep til omgrepet bil. Desse omgrepa er altså knytt til deler av den same heilskapen.

Når relasjonen mellom omgrep er ikkje-hierarkisk, vert det omtala som assosiative relasjonar. Dette kan mellom anna vere relasjonar som

  • årsak/verknad (flom/vasskade)
  • produsent/produkt (spinneri/garn)
  • aktivitet/reiskap (musikar/musikkinstrument)
  • aktivitet/aktør (helseteneste/lege/pasient)

Termdanning i norsk skjer stort sett etter dei same strukturelle mønstra som orddanning generelt. Ny terminologi blir gjerne laga med nye samansetningar, eller ved å innføre internasjonale framandord og andre lånord. Historisk har latin gitt opphav til termar i ein del fagområde, slik som medisin og filosofi, og i vår tid har frå engelsk ei særstilling som opphavsspråk for termar i form av anglisismar.

Dei siste åra har det blitt stadig vanlegare å bruke teknologi til å utvikle terminologi og gjere han tilgjengeleg for ulike brukargrupper. Dette inneberer først og fremst bruk av terminologiske databaser (termbaser) til å redigere og vise innhald. Ein annan bruk av teknologi er termekstraksjon, det vil seie at ein finn nye termar ved å analyse fagspråklege tekstar med datamaskin.

Termbasar

Ei termbase inneheld omgrep organisert som termpostar som er kopla til kvarandre for å modellere den omgrepsstrukturen som omgrepa inngår i. Termpostar kan variere i innhald, men inneheld typisk definisjonar, termar og opplysning om kva for eit fagområde (domene) omgrepet er henta frå.

Det kan vere ein hovedterm og eit eller fleire tillatne synonym, og eventuelle frårådde synonym, for eksempel ein term som ikkje lenger er aktuell, ikkje er kjønnsnøytral eller er lånt frå engelsk når det fins norske alternativ.

Termpostar kan også innehalde eksempel på og opplysningar om bruk av termen, for eksempel om han blir brukt innan ein bestemt industri eller eit brukarmiljø.

Dei fleste termbasar er fleirspråklege, med innhald på norsk, engelsk og eventuelt andre språk. Dette gjer termbasar til svært nyttige verktøy, ikkje berre for studentar og ekspertar innan eit fag, men også for språkarbeidarar, omsetjarar, journalistar og ålmenta generelt. Terminologiarbeid er soleis også eit særs viktig språkpolitisk tiltak, fordi systematisk utvikling av norsk terminologi bidrar til å hindre domenetap.

Blant dei store norske termbasane finn vi Standard Norges termbase (SNORRE), EØS-direktoratet sin termbase med terminologi knytt til EØS-lovgivinga og NHHs termbase for økonomisk-administrative fag. Ein samling av terminologiske databaser vert kalla ein termportal. I Noreg har ein fast driftsorganisasjon ved Universitetet i Bergen ansvar for drift av den nasjonale termportalen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg