Elisabeth er eit kvinnenamn som går tilbake til det hebraiske Elisjeba som tyder ‘Gud er fullkommen’.

Namnet har fleire variantar: Elisabet, Elisabeth, Elisebet, Elisebeth, Elizabeth, Elsebet, Elsebeth.

Namnedag er 19. november. Lisbet har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Elisabeth

Eit utval personar med namnet Elisabeth, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 17 328 kvinner i Noreg som hadde Elisabeth som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Elisabeth var blant dei 20 mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 37 jenter som fekk namnet Elisabeth.

Av dei som heitte Elisabeth i perioden 1900–2017, var det 61 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Elisabeth. Dette inneber at 39 prosent hadde Elisabeth som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Elisabet og Elisabeth slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Sidan år 1900 har varianten Elisabeth vore brukt nesten 17 gongar meir enn Elisabet. Desse namna har ein kurveprofil som avvik frå andre kvinnenamn med tre stavingar. Frå tidleg på 1800-talet gjekk namnet nedover til det nådde ein botn i 1930-åra. Deretter fekk det ei forholdsvis bratt stigning til ein topp i siste halvdel av 1970-åra. Denne stigninga er vel å merke representert av varianten som endar på -th. Kongelege namn har hatt innverknad på namnepopulariteten, og det er truleg dronning Elizabeth (fødd 1926) som har ført til denne framgangen. Også filmstjerna Elizabeth Taylor (i si tid omtalt som verdas vakraste kvinne) kan ha medverka til populariteten.

Utvikling i bruk av namnet Elisabeth frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Elisabeth frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg