Ener er eit mannsnamn. Det er ein variant av Einar som går tilbake til det norrøne Ein-arr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘aleine, eineståande’ og etterleddet ‘krigar’.

Namnet har fleire variantar: Einar, Einer, Ejnar, Ejner, Ener.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Ener som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ener på 1800-talet.

Ener var klart mest brukt i Hedmark. Dette er ikkje overraskande ettersom mange dialektar der har monoftongering av [ei] i Einar og dessutan endring frå [a] til [e] i trykksvak staving .

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ener på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Ener var klart mest brukt i Hedmark. Dette er ikkje overraskande ettersom mange dialektar der har monoftongering av [ei] i Einar og dessutan endring frå [a] til [e] i trykksvak staving (-[ar] til -[er]).

Historisk bruk av namnet Ener
Historisk bruk av namnet Ener
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg