Dølen – tidsskrift paa norsk maal var eit tidsskrift på nynorsk utgitt av Jon Norstog i USA i 1903 og 1904.

Etablering

Jon Norstog var fødd i Byrtegrend i Telemark og kom til Amerika i 1902, der han med sine 25 bøker vart den mest produktive nynorskforfattaren i det norske Amerika. I tillegg til bøker i alle sjangrar publiserte han svært mykje i norskamerikanske aviser. Mor hans var søskenbarnet til Aasmund Olavsson Vinje, og det er truleg frå han Norstog har fått ideen til namnet på tidsskriftet.

Drift

Dølen presenterte seg som eit litterært tidskrift. Bortsett frå nokre få dikt av Olav Bakkane og ein tekst av Per Sivle, er alt stoffet produsert av Norstog sjølv. Det første nummeret opnar med ein biografisk tekst om Vinje, som går over alle fem hefta frå 1903. I presentasjonen av Vinje nyttar Norstog verkemiddel frå fiksjonslitteraturen og diktar Vinje inn i ei større forteljing. Ofte skin Norstog sitt sosiale engasjement igjennom, og han har peik til dei rike og mektige. Dei andre tekstane av Norstog kan best karakteriserast som idealistisk-romantiske. Mange av dei er temmeleg dystre – dei handlar om mørke krefter i menneska, om angst, mammon og om utvandrarsviket som Norstog var så oppteken av.

Dobbeltnummeret frå 1903 har eit meir variert innhald enn nummera før. Bladet har lysingar frå I.H. Koefods Boghandel, den einaste «landsmaalsboghandelen» i Amerika. Koefod annonserte for bøker av Arne Garborg, Hans Seland, Jens Tvedt, Rasmus Løland og Ivar Aasen i Dølen.

Det neste, og siste, nummeret av Dølen kom ut i november 1904 i Minneapolis, Minnesota og hadde undertittelen «Tidsskrift for bokrike og livsspursmaal». Inne i bladet står det at Dølen er eit tidsskrift på norsk og dansk-norsk, og at målet er å kome ut ein gong i månaden når bladet får nok tingarar. Det gjekk tydelegvis dårleg med Dølen, og difor opna Norstog for tekstar på riksmål.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sunde, A. (1995): «A Minority within a Minority. The Promotion of Nynorsk in the United States, 1900–1920» i Odd Lovoll (red.): Norwegian-American Studies, Volume 34. Northfield, Minnesota: The Norwegian-American Historical Association
  • Øverland, O. (1996): The Western Home. A Literary History of Norwegian America. The Norwegian American Historical Association. Northfield, Minnesota: Norwegian American Historical Association

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg