Jens Tvedt

Faktaboks

Jens Tvedt
Født
14. juni 1857, Kvinnherad, Vestland
Død
3. september 1935, Stavanger, Rogaland

Bilde frå Norsk biografisk leksikon.

Jens Tvedt
Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Jens Tvedt var forfattar og bibliotekar. Tvedt var ein stor skildrar av bygdelivet på Vestlandet.

Bakgrunn

Jens Tvedt var fødd i Åmvikedalen (Omvikdalen) i Kvinnherad i Sunnhordland. Familien var relativt velståande, og dei las fleire aviser og bøker enn det som var vanleg i bygda elles. Tvedt fekk ein nærleik til bøker alt frå oppvekståra, og denne interessa tok han med seg gjennom livet.

Han gjekk to år ved lærarskulen på Stord, og her vart han påverka til å verte målmann og venstrepolitikar. Tvedt var, som mange andre nynorskforfattar i denne perioden, påverka av den danske presten og folkeopplysningsmannen Nikolai Grundtvig, og ideologisk stod han tett på den frilyndte rørsla. Frå 1878 arbeidde han som lærar nokre stader i Hordaland, og frå 1882 til 1899 var han lærar i Stavanger. I 1901 vart han bibliotekar ved Stavanger bibliotek etter å ha vore assistent der frå 1899, og denne stillinga hadde han livet ut. Frå 1912 hadde han statens kunstnarløn.

Forfattarskapen

Debutboka til Tvedt, Inn i fjordarne, kom i 1885. Alt i denne boka er mange av kjennemerka ved forfattarskapen hans til stades. Hovudpersonane i bøkene er bønder eller av bondeætt, og forteljingane går heile tida føre seg i det vestlandske fjordlandskapet. Med Nybrot (1888) og Vanheppa (1891) vart han ein folkekjær diktar. I Vanheppa vert eit anna kjennemerke ved bøkene hans introdusert. Tvedt skriv ofte om varsame menneske, som slit litt med å finne eit trygt fotfeste i livet.

Tvedt nådde høgast som forfattar rundt hundreårsskiftet, med Madli und’ Apalen (1900) og Djup jord (1904) som dei mest vellukka bøkene. I den førstnemnde skaper Tvedt eit fint portrett av husmannsjenta Madli og skriv samstundes innsiktsfullt om underklassa i bygdesamfunnet. Boka problematiserer også den posisjonen kvinnene hadde i samtida.

I 1932, det året Tvedt fylte 75 år, vart det utanfor biblioteket i Stavanger sett opp ei byste av han, laga av Ståle Kyllingstad. Ein kopi vart seinare sett opp ved fødestaden i Kvinnherad.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Arne Espeland: Jens Tvedt. Glimt frå vokstergrunnen og livet hans. Oslo 1959. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Oslo 2018

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg