Norrøna – det fyrste blad paa norskt maal i Vesterheimen var eit kvartalsskrift som kom ut i Walnut Grove, Minnesota og seinare i Fargo, Nord-Dakota med til saman fire årgangar (1900–01, 1914–15). Bladet vart drive og halde oppe av ei gruppe idealistar, men nådde aldri meir enn knapt tusen tingarar. Eigar og redaktør var Peer Storeygard frå Heidal i Gudbrandsdalen, og han fekk med seg kjende nynorskskrivarar i skriftstyret. Bladet vart redigert etter mønster frå norske målblad og reflekterte mykje den same ideologien som dei norske førebileta. Det hadde svært lite stoff om allmenne norsk-amerikanske forhold, men såg det som si største oppgåve å spreie kunnskap om det nynorske språket og den norrøne kulturen til lesarane.
I bladet fanst det ulikt stoff – artiklar, litterære bidrag, bokmeldingar og annonsar for bøker. Dei fleste artiklane handlar om språk og kulturspørsmål, men vi finn òg artiklar om trivielle emne med titlar som «Kva honning er god fyrr», «Flatbrødet», «Kunnskap verdi hev mist» osv. Felles for desse artiklane er at dei er av folkeopplysande karakter, og at dei oppmodar til eit enkelt liv. Artiklane om språk og kultur har ei sterk konservativ norm. Den nynorske kulturen vert heile tida sett opp mot den dansk-norske, og argumentasjonsmåten er ofte naiv og forkynnande. Bokmeldingar og forfattarportrett er med på å synleggjere landsmålskulturen og såleis styrkje målfolket sitt positive sjølvbilde.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.