Bygdanytt

Avishode til Bygdanytt
Bygdanytt.
Då redaktør Sigurd Mjeldheim døydde i 1967, stod avisa i fare for å bli lagd ned. Eigaren av Foto sentrum, fotograf Per Presthus, hadde i fleire år vore tilknytt Bygdanytt. Presthus spurde svogeren sin, Rangvald Røiseth (biletet), om han kunne ta på seg redaktørjobben. Røiseth sa ja til det, og var redaktør til 1979. Presthus kjøpte Bygdanytt for 5000 kroner, og i 1969 overtok han også trykkinga av avisa.
Rangvald Røiseth
Bygdanytt.

Bygdanytt, dagsavis i Indre Arna, grunnlagt 1951, kjem ut to dagar i veka. Lokalavis for Arna og Osterøy, eigd av Bergens Tidende. Redaktør: Eirik Langeland Fjeld.

Opplagstal i 2015 var 4213 for papiravisa og 4049 for sal av digitale abonnement og utgåver. Totale lesartal for papir og digitalt, inkludert ope innhald ein gjennomsnittsdag i 2015 var 10 000 (Mediebedriftenes Landsforening).

Historie

Bygdene rundt Bergen mangla lenge lokalaviser. Byavisene rekna Nordhordland som sitt område, og det gjorde lesarane også. Men i dei første etterkrigsåra prøvde idealistar å skipe aviser som kunne skape lokal identitet, frigjort frå byen.

Bygdanytt, grunnlagt i 1951, fann seg eit område som naturleg hang saman, endå om variasjonane var store innan det gamle Haus. At kommunen låg på to sider av Sørfjorden var ikkje noko som skilde, men batt saman.

Osterøy-delen av Haus hadde særmerket for øya: jordbruk og småindustri. Arna-delen hadde storindustri, tekstil i Ytre Arna og på Espeland, gruvedrift og fabrikk på Trengereid, men også rikt jordbruksland, og kanskje endå viktigare: Bergensbana som på halvanna mil gjennom bygda hadde ei rad stasjonar som kvar for seg skapte knutepunkt og tettstader.

Bygdanytt var ikkje første forsøket på å skape lokalavis for denne bygda. Johannes Revheim og Sigurd Mjeldheim hadde tidlegare skipa Haus Bygdeblad, men på grunn av usemje gjekk Mjeldheim ut og skipa sitt eige blad, Bygdanytt. «Det den eine tykte var rett, tykte den andre var gale,» som Sigurd Mjeldheim skreiv i fyrste leiarartikkelen i den nye avisa.

Sigurd Mjeldheim la seg ikkje gjerne ut med Bygdanytts lesarar, men sparke gjorde han når han meinte det måtte til, og meiningane kom like klårt fram i reportasje som i kommentar.

Verda utanom Haus fekk Bergens-avisene ta seg av, men på heimebane var det ingen som hadde så mykje å fortelje som «Mjeldheimen» om fredagane.

Men verken Mjeldheim eller etterfylgjaren hans, Ragnvald Røiseth, kunne slå seg til ro med det som var. Endringane blei mange og store. Tekstilindustrien kom raskt i krise då lågprisimporten kom for fullt. Fritz Rieber, som også skaffa Arna ny industri med Toro fabrikken, fekk flytta Bergensbana over til ein tunnel gjennom Ulriken til Bergen og ein tunnel vidare i retning Trengereid. Arna blei skilt ut som eigen kommune, samstundes med at bustadbygginga førde til stor innflytting frå Bergen. Og i 1972 kom kommunesamanslåinga som gjorde Arna til bydel i Bergen.

Bygdanytt døydde ikkje av «urbaniseringa». Tvert om var det avisa som berga bygdeidentiteten, og avisa greidde også å halde oppe sambandet mellom Arna og dei delane av Osterøy som naturleg sokna mot Arna. Med den nye Osterøybrua i 1997 blei sambandet mellom fastland og øy knytt på nytt.

Opplag

År Opplag
1970 1905
1991 4126
2008 4587
2015 4213

Fakta

  • Fyrste nr. 20.4.1951.

Les mer i Store norske leksikon

Ekstern lenke

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg