Strilen er ei lokalavis som kjem ut på Knarvik i Alver, i papirformat to gonger i veka og som nettavis andre vekedagar. Avisa vart grunnlagd i 1961, og har nedslagsområdet sitt i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden og Gulen. Den er eigd av Schibsted-konsernet. Strilen har felles redaktør med Bygdanytt.
Strilen
Historie
I den første etterkrigstida var kommunane i Nordhordland berre dekte av avisene frå Bergen. Sju eldsjeler frå distriktet syntest det var lite tilfredsstillande, og starta Lindås Bladlag 27. april 1961. Dei første åra kom avisa ut kvar fjortande dag. Den vart vekeavis i 1967, todagarsavis frå 1970 og tredagarsavis frå 1979.
I tida rundt 1960 vart det ikkje starta mange lokalaviser, og nesten alle nykommarar måtte gi seg etter kort tid. Strilen er eit unntak. Grunnen til at han klarte seg, var at han vart driven som eit slags dugnadsprosjekt. Redaktøren var lenge einaste faste medarbeidar.
Midt på 1970-talet skjedde to viktige endringar. I 1974 fekk den ein lokal konkurrent, avisa Nordhordland. Året etter fekk Strilen sin første journalist i heiltidsstilling.
Nordhordland er eit stort og vanskeleg avisdistrikt. Etter kommunesammenslåingen på 1960-talet bestod det av seks kommunar med eit samla folketal på omkring 20 000. I 1975 var det berre i utgivarkommunen Lindås at Strilen hadde meir enn 50 prosent husstandsdekning. Seinare vart denne grensa passert også i Austrheim og Masfjorden.
Fram til midten av 1980-talet konkurrerte Strilen og Nordhordland i ein veksande marknad. Strilen sette opplagsrekord med 7166 i 1986, og Nordhordland gjorde det same året etter. Strilen gjekk likevel med store underskot i 1986 og 1987. I 1988 gjekk den konkurs. Buet vart overteke av eit nytt og meir profesjonelt selskap, og drifta ført vidare.
Frå omorganiseringa i 1988 og fram til 2000 hadde Strilen eit solid forsprang til konkurrenten. Deretter følgde nokon dramatiske år der Strilen mista førsteplassen. Avisa auka frå tre til fire utgåver per veke og sette prisen litt opp, medan Nordhordland heldt fast ved to utgåver per veke og lågare pris. Etter tre år gjekk Strilen tilbake til tre utgåver, men då hadde allereie Nordhordland fått størst opplag.
Vårein 2008 kjøpte Bergens Tidende (BT) aksjemajoriteten i Strilen. Etter at BT vart ein del av Schibsted-konsernet er dermed også Strilen ei lokalavis i Schibsted.
Opplag
År | Opplag |
---|---|
1975 | 4539 |
1986 | 7166 |
2000 | 6637 |
2008 | 5357 |
2015 | 4823 |
2017 | 5274 |
2020 | 5659 |
2021 | 5561 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.