Haus Bygdeblad var ei nynorsk lokalavis, utgitt i Haus i Hordaland mellom 1946 og 1953.

Etablering

Haus Bygdeblad var ei lokalavis utan partitilknyting, utgitt i Haus, og den første utgåva kom 8. mars 1946. I etterkrigstida vart det gjort fleire forsøk på å etablere lokalaviser i bygdene rundt Bergen. Haus Bygdeblad var ei av desse avisene som ville vere med på å skape lokal identitet og frigjering frå byane. Undertittelen i nr. 1, 1946 var «Partilaust bygdeblad for Haus herad og næraste grannebygder». Frå nr. 17, 1952 vart undertittelen endra til «Lokalblad for Haus og Åsane».

Drift

Johannes Revheim var utgivar og den første redaktøren. Frå den første utgåva i 1949 kom Sigurd Mjeldheim inn både på utgivarsida og som medredaktør. Etter usemje mellom dei to trekte Mjeldheim seg ut av avisa i 1951. Seinare redaktørar var Magne Haukedal og Johannes M. Thunes. Avisa hadde nynorsk som redaksjonsspråk.

Den første tida vart avisa prenta ved A/S Dagbladet sitt trykkjeri i Bergen. I 1949 var det Haus Boktrykk L/L i Ytre Arna som tok over, og etter det Grendaprent i Rosendal frå 1952. Opplagstala for avisa er ukjende.

Den siste utgåva av Haus Bygdeblad kom 27. februar 1953. Avisa skifta då namn til Sambygdingen, med undertittelen «Tidl.: Haus Bygdeblad. Lokalblad for Haus og Åsane».

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Flo, I., red. (2010): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra A til Å, bd. 4. Oslo: Universitetsforlaget
  • Grepstad, O. (2005): Nynorsk Faktabok 2005. Ørsta: Nynorsk kultursentrum
  • Høeg, T. A., red. (1973): Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo: Universitetsbiblioteket i Oslo

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg