Haus

Artikkelstart

Haus er ein tettstad i Osterøy kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,4 km², og har 595 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Også kjent som

Hausvika, Hausvik

Innbyggertall
595 (SSB, 2020)
Landareal
0,4 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
5221 Hausvik

Haus ligg på sørvestsida av Osterøya. I tettstaden ligg Haus kyrkje, ei langkyrkje i tre frå 1874.

Frå Kvitsteinhella på sørspissen av Osterøya, rundt tre km sør for Hausvik, går Osterøybrua på Fv. 566 over Sørfjorden til E 16 i Herland i Bergen kommune, opna i 1997.

Haus kommune

Haus var tidlegare ein eigen kommune, oppretta i 1837 ved innføringa av det kommunale sjølvstyret. Kommunen omfatta då sør- og austdelen av Osterøya, i tillegg til fastlandet aust for Veafjorden (vestre del av noværende Vaksdal kommune) og området sør for Sørfjorden (seinare Arna kommune). Bruvik vart i 1870 skild ut frå Haus og oppretta som eigen kommune. Etter dette hadde Haus to hovuddelar: Dei sørlege og sentrale delane av Osterøya og fastlandet sør for Sørfjorden.

I 1964 vart Haus delt slik at fastlandsdelen vart ein ny kommune kalla Arna, som frå 1972 vart ein del av Bergen. Osterøydelen gjekk inn i den nye Osterøy kommune. Haus er i dag eit sokn som omfattar søraustre del av Osterøya.

Namn etter prestegarden Haus.

Kart

Haus
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg