Faktaboks

Bobby Sands
Robert Gerard Sands, irsk Roibeard Gearóid Ó Seachnasaigh
Fødd
9. mars 1954, Rathcoole, Newtownabbey, Nord-Irland
Død
5. mai 1981, HM Prison Maze ved Lisburn, Nord-Irland
Bobby Sands
Bobby Sands (til høgre) saman med republikanaren Denis Donaldson i Long Kesh-fengslet. I 2005 vart Donaldson avslørt og vedgjekk offentleg at han hadde vore britisk informant. I 2006 vart han drepen av den republikanske utbrytargruppa Real IRA.
Bobby Sands
Av /NTB.

Bobby Sands var ein nordirsk republikansk aktivist. Han vart IRA-friviljug i ung alder og døydde i sveltestreik for status som politisk fange i HM Prison Maze (Long Kesh) i County Down i 1981. Han vart nasjonalt og internasjonalt kjend for at han vart valt til parlamentsmedlem i det britiske underhuset frå valkrinsen Fermanagh – South Tyrone i Nord-Irland kort tid føre han døydde.

For unionsvenlege/lojalistar var Bobby Sands lite anna enn ein IRA-terrorist. Blant irske republikanarar vann han plass i toppen av det republikanske heltegalleriet, saman med Theobald Wolfe Tone (leiarfigur i det mislukka 1798-opprøret) og dei avretta «martyrane» etter påskeopprøret i 1916. Bobby Sands og dei ni andre republikanske fangane som døydde i sveltestreik i 1981 har påverka irsk politikk og britisk fangepolitikk i Nord-Irland.

Familie og oppvekst

I 1961 flytta familien Sands, der Bobby var den eldste av fire sysken, frå eit tungt unionistisk dominert område til det meir delte Rathcoole-området i den nordlege utkanten av Belfast på grunn av sekterisk trakassering. Han avlutta obligatorisk skulegang i 1969 og byrja i opplæring som fagarbeidar året etter. Han arbeidde då ei tid på ei bussfabrikk, der han opplevde at væpna lojalistiske ungdomar truga han på livet. Sands fekk seg då arbeid på ein pub i 1971, og der kom han i kontakt med IRA. I 1972 flytta familien Sands frå Rathcoole til det nasjonalistisk/republikansk dominerte Twinbrook-området i Vest-Belfast, på grunn av at familieheimen var utsett for lojalistiske åtak. To år seinare var dei fleste katolske familiane drivne ut frå Rathcoole. Sands var opprørt over denne religionssekterismen, og meinte at institusjonane i Nord-Irland verna om denne. Han aktiviserte seg difor tyngre i IRA.

Fengsling

I oktober 1972 vart Bobby Sands arrestert fyrste gong for IRA-aktivitet. Politiet Royal Ulster Constabulary (RUC) fann fire pistolar i eit hus Sands oppheldt seg i, difor vart han dømt til fire års fengsel for å ha ulovlege våpen i april 1973. Han vart sleppt fri i april 1976, flytta heim til familien sin i Vest-Belfast – og tok opp att IRA-aktivitetane sine. I oktober 1976 var han involvert i ein skyteepisode med Royal Ulster Constabulary i samband med eit bombeåtak i bydelen Dunmurry i den vestlege utkanten av Belfast. To såra IRA-menn vart etterlatne og arresterte, medan Sands og tre andre prøvde å flykta i ein bil, men vart arrestert. I bilen fann RUC eit våpen som var nytta i skyteepisoden. Sands og dei andre som flykta vart difor dømde til 14 års fengsel for dette ulovlege våpenet. Dei vart likevel ikkje sikta for medverknad til bombeåtaket.

Sveltestreik

Etter fengslinga vart Sands sendt til ei særskilt straffefløy i Crumlin Road-fengselet. Der nekta Sands å gå med fangeuniform, og gjekk naken i cella i 22 dagar. Seinare vart han flytta til Maze-fengselet (Long Kesh – ofte også kalla H-blokka), som var eit høgsikringsfengsel for paramilitære fangar og som låg 14 kilometer sør-vest for Belfast. Seint i 1980 vart Sands vald til kommanderande offiser for Provisional IRA-fangane i Long Kesh. Britane ynskte å fjerna den såkalla Special Category Status – som langt på veg var ei formell godtaking av at republikanarane ikkje var kriminelle, men friviljuge som sloss for politiske mål (slutt på britisk styre og irsk samling). I 1980 trudde republikanarane at sveltestreiken dette året hadde pressa styresmaktene til at spesialstatusen skulle vara vidare, men det viste seg å ikkje vera rett.

Då republikanarane gjekk til ny sveltestreik i 1981, var Bobby Sands den fyrste som starta – 1. mars 1981. Fangane hadde fem krav:

  1. Rett til å ikkje gå i fengselsuniform
  2. Rett til å ikkje utføra fengselsarbeid
  3. Rett til fritt samver med andre fangar, og til å organisera skolering og rekreasjonstiltak i fengselet
  4. Rett til ei vitjing, eit brev og ei pakke kvar veke
  5. Tilbakeføring av soningsforkorting som var stroke på grunn av tidlegare protestar

For å få maksimal mobilisering mot dei britiske styresmaktene og statsminister Margaret Thatcher utanfor fengselet, gjekk ikkje alle sveltestreikande til aksjon samstundes. Til saman sju IRA-fangar og tre fangar som var med i Irish National Liberation Army (INLA) døydde mellom 5. mai og 20. august 1981, alle var i tjueåra. Etter det tiande dødsfallet hadde presset for å avslutta sveltestreikane auka mykje, og det var og uro blant republikanarane både for å mista fleire av sine folk og for at den breie sympatien blant mange nasjonalistar kunne gå tapt dersom fleire liv gjekk tapt. Sveltestreiken vart difor avslutta.

Bobby Sands var den fyrste som døydde, etter ein sveltestreik som vara i 66 dagar. 26 dagar før han døydde, vart Sands vald til det britiske underhuset frå valkrinsen Fermanagh og South Tyrone.

Folkevalde republikanske fangar

Den sitjande partiuavhengige republikanske parlamentsmedlemen for Fermanagh og South Tyrone (Frank Maguire) døydde, og det måtte difor vera suppleringsval. Bobby Sands vart då nominert som kandidat, ikkje for det republikanske partiet Sinn Féin, men under merkjelappen «Anti H-block/Armagh Political Prisoner». Grunnen til at Armagh var nemnd på røystesetelen, var at dette var kvinnefengselet i Nord-Irland fram til 1986. Republikanarane Owen Carron og Danny Morrison var oppnemnt som valagent og organisator for Bobby Sands under valkampen.

Ulster Unionist Party (UUP) nominerte den politiske tungvektaren Harry West som kandidat. Han hadde vore partleiar for UUP til 1979, hadde vore parlamentsrepresentant i underhuset i London ein kort periode, og hadde dessutan vore folkevald til Stormontparlamentet i Belfast i nesten 20 år frå 1950-talet. Fleire andre nasjonalistiske kandidatar, trekte seg frå valet, og dette sette Social Democratic and Labour Party (SDLP) under press. Til slutt valde dei og å trekkja sin påtenkte kandidat, Austin Currie. Suppleringsvalet vart difor ei polarisert tevling mellom det dominerande unionistpartiet UUP og irsk republikanisme.

Suppleringsvalet i Fermanagh og South Tyrone 9. april 1981
Parti Kandidat Røyster % +/- %
Anti H-block/Armagh Political prisoner Bobby Sands 30493 51,2 Ny
Ulster Unionist Party Harry West 29046 48,8 +20,8

Det var 72 349 røysteføre i valkrinsen og 3 280 ikkje-godkjende/øydelagte røystesetlar i valet. Mange av dei ikkje-godkjende røystesetlane kom truleg frå veljarar med sympati for Social Democratic and Labour Party (SDLP) som var misnøgde med at partiet ikkje stilte eigen kandidat. Men dette er det uråd å seia noko sikkert om.

Dei to IRA-fangane Paddy Agnew og Kieran Doherty vart litt seinare valde til Dáil Éireann (parlamentet i Dublin) frå valkrinsane Louth og Cavan-Monaghan, og fleire andre fangekandidatar fekk høg oppslutnad ved dette valet. Kieran Doherty døydde også i sveltestreiken.

Endra valreglar

Desse valresultata var kanskje den viktigaste propagandasigeren den irske militante republikanismen fekk under the troubles. Resultata sjokkerte mange, ettersom republikanarne møtte sterk antipati både frå alle etablerte parti i Nord-Irland og republikken Irland, og frå alle viktige medier. For republikanarane var dette ein milepæl i den striden dei hadde ført mot kriminalisering av fangane sidan 1976.

For å unngå ei ny fornedring i det suppleringsvalet som måtte koma ettersom Sands hadde døydd, endra dei britiske styresmaktene valreglane for å hindra at ein ny fangekandidat kunne stilla. Det hjelpte ikkje så mykje. Valagenten hans Owen Carron, som då ikkje var fange, stilte til suppleringsvalet i august 1981 som Anti H-blokk-kandidat. Han vart vald med fleire røyster og større margin ned til Ulster Unionist Party sin nye kandidat Ken Maginnis.

Gravferd for Sands – sterke internasjonale reaksjonar

Bobby Sands' begravelse
Kista til Bobby Sands på veg til gravstaden Milltown Cemetery, eskortert av maskerte IRA-soldatar. Guten til høgre i biletet er Sands' son.
Av /Associated Press.
Demonstrasjon for Bobby Sands
Demonstrasjon i Amsterdam i 1981 for Bobby Sands og dei andre fangane. På fana foran står det «den britiske regjeringen: mordere».

Bobby Sands vart ein martyr for irske republikanarar, og då dødsfallet til hans vart kjend, braut det ut omfattande uro i nasjonalistiske område i Nord-Irland. Meir enn 100 000 menneske var tilskodarar til gravferda hans gjennom Vest-Belfast til den republikanske gravstaden på Milltown-kyrkjegarden.

Dei internasjonale reaksjonane var både sterkt støttande og klårt kritiske. Det britiske konsulatet i Gent (Belgia) vart storma av republikanske sympatisørar, tusenvis demonstrerte i Paris bak store Bobby Sands-banner, opposisjonen i det portugisiske parlamentet reiste seg i eitt minutts stillheit til støtte for Sands, og det same gjorde opposisjonen i det indiske parlamentet. Dronning Elizabeth vart møtt av pro-republikanske demonstrantar i Oslo. Fleire franske byar omdøypte gater til Bobby Sands-gata. I Teheran vart gata den britiske ambassaden låg i (Winston Churchill boulevarden) omdøypt til Bobby Sands-gata. Ambassaden flytta då inngangen til ei anna gate for å unngå post adressert til Bobby Sands-gata. I New York boikotta hamnearbeidarane britiske skip i 24 timar, og det lågaste huset i delstatsforsamlinga i New Jersey vedtok ei fråsegn som uttrykte støtte til motet til Bobby Sands.

Men det var ikkje berre støtte til Bobby Sands som viste seg. Glasgow Rangers' tilhengjarar, som tradisjonelt har symparti med unionistane og Orangeordenen, har ved mange høve sunge songar som gjer narr av Bobby Sands, særleg i hatkampane mot Celtic, som på si side syng songen Roll of Honour, som spesifikt hyllar «the gallant Bobby Sands». Det var nok lite overraskande at statsminister Margaret Thatcher tala i parlamentet den dagen Sands døydde og omtala han som ein dømd terrorist. I ein leiarartikkel i New York Times støtta dei Thatcher i avvisinga av å gje dei republikanske fangane status som politiske fangar. Det same meinte den tyske storavisa Die Welt. Fleire amerikanske storaviser kritiserte dessutan irsk-amerikanske organisasjonar for den sympatien dei viste for republikanarane.

Bobby Sands og dei republikanske sveltestreikane vart klårt ei stor internasjonal mediehending.

Verknadene av sveltestreikane

Veggportrett av Bobby Sands, Falls Road - Belfast

Britiske medier framstilte stort sett sveltestreikane som ein siger for statsminister Thatcher og det dei omtala som den prinsippfaste lina hennar. Heilt til til Sands vann suppleringsvalet i Fermanagh og South Tyrone, meinte mange republikanarar også at Thatcher hadde sigra. Etter valsuksessen vart vurderinga at det hadde vorte ein pyrrhos-siger på grunn av den massemobiliseringa som valresultatet Sands og fleire republikanarar i Dáil Éireann-valkrinsar hadde oppnådd og på grunn av den massive mediomtala internasjonalt. Ein ting var at Sands hadde vorte ein ny republikansk martyr. I tillegg kjem det at dei fleste fangekrava i praksis vart imøtekome i tida i etterkant, sjølv om det aldri vart offentleg vedkjend på britisk hald.

Sterkare IRA-rekruttering

I tillegg til dette kjem at sveltestreikane gav sterk nyrekruttering til IRA, slik også internerings-kampanja (1971–), Ballymurphymassakren (1971) og Bloody Sunday (1972) hadde verka. Prinsippfast antirepublikansime frå den britiske statsmakta kunne altså tena den republikanske motstanden.

Ein langtidsverknad av sveltestreiken til Sands og andre republikanarar, og av valresultata til Sands og andre i 1981, leidde partiet Sinn Féin inn mot valdeltaking og parlamentarisk politikk. Rett nok vart denne strategiendringa kombinert med framhald av væpna kamp heilt til fredsprosessen frå midten av 1990-åra. Utan denne strategiendringa er det høgst tvilsamt om Sinn Féin kunne vorte eit parti med masseoppslutnad fyrst frå seinare på 1980-talet i Nord-Irland og seinare (i etterkant av langfredagsavtala) sør for den irske grensa. I forlenginga av dette resonnementet ligg det at det ville vore langt vanskelegare å tenkja seg at Sinn Féin og IRA kunne ha vorte ein vesentleg del av den seinare fredsprosessen utan sveltestreikane i 1981 og valsuksessane for dei republikanske fangane same året.

Kynisk utnytting av martyrstatusen?

Kritikarar av IRA/Sinn Féin både på unionistisk og nasjonalistisk side har i ettertid hevda at dødsfalla til Sands og dei andre sveltestreikarane vart kynisk utnytta av Sinn Féin til å byggja opp ein martyrkult som sikra store inntekter ved sal av bøker, plakatar og t-skjorter, og inntekter for republikanarar som driv med transport og guiding av «politiske turistar». Ei av systrene til Bobby Sands (Bernadette Sands McKevitt) har vore mellom dei skarpaste kritikarane. Ho var ein av grunnleggjarane av 32 County Sovereignty Movement i 1997 – ein organisasjon som er kjend for å stå nære dei militante dissidentane Real IRA. McKevitt og Real IRA er motstandarar av Langfredagsavtala (1998), og har hevda at Sands og dei ni andre som døydde, kjempa for høgare mål enn reformar av Nord-Irland og like politiske og kulturelle rettar som unionistane.

Bobby Sands som skribent og i populærkulturen

Sands skreiv både politiske tekstar, skjønnlitterære tekstar og tekstar som seinare vart tonesett medan han sat fengsla. Politiske tekstar skreiv han i Sinn Féin-avisa An Phoblacht/Republican News under pseudonymet Marcella, som var namnet til ei av systrene hans. Sands skreiv også Skylark Sing your lonely song og One day in my life som vart gjeve ut av Mercier Press i 1989 og 2001. Han skreiv også tekstane Back home in Derry og McIlhattan som har vorte tonesett av den kjende irske visesongaren Christy Moore. Moore har ogso gjeve ut songen The People’s Own MP om Bobby Sands sin valsiger i 1981. Fleire andre kjende musikkartistar har skrive tekstar om Sands, dedisert songar til Sands eller oppgjeve Sands som inspirasjonskjelde. Dette gjeld til dømes rockebanda The Grateful dead, Rage Against the Machine og det amerikansk-keltiske rockebandet Black 47.

Sands som rollefigur i filmar

Posthumt har Bobby Sands vore sentral rollefigur i filmane Some Mother’s son (1996), H3 (2001, H3 var ei av H-blokkene i fengselet Sands døydde i), Hunger (2008) og Bobby Sands: 66 days (2016). Filmen Hunger gav regissøren Steve McQueen gullkameraprisen ved filmfestivalen i Cannes (2008).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Beresford, D. (1997); Ten men dead. The Story of the 1981 Irish Hunger Strike. Atlantic Monthly Press
  • Bobby Sands Trust (2001); One Day In My Life. Bobby Sands Trust.
  • Feehan, J. (1985); Bobby Sands and the Tragedy of Northern Ireland. Permanent press.
  • O´Hearn, D. (2006); Nothing but an unfinished song: Bobby Sands the Irish Hunger Striker who ignited a Generation. Nation books.
  • O´Hearn, D. (2018); Bobby Sands, Martyrdom and the Politics of Irish Republican Memory. I Outram, Q. & Laybourn, K. (red.) Secular Martyrdom in Britain and Ireland. From Peterloo to the Present. Palgrave Macmillan.
  • Ross, F. S. (2011); Smashing H-block.: The Popular Campaign against Criminalization and the Irish Hunger Strikes 1976-1982. Liverpool University Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg