Minnetavle over UDA-medlemer Sandy Row, Belfast
Ulster Defence Association var den største paramilitære organisasjonen på lojalistisk side under the Troubles. Her er minnetavla deira over «falne» frå A-Battaljonen i South Belfast Brigade i Sandy Row. UDA-mottoet Quis Separabit tyder «kven vil skilja oss».
Paddy Hill, ein av seks irar som vart utsett for justismord ved feilaktig dom for IRA-bombing i Birmingsham i 1974.
Under The Troubles vart mange irar offer for justismord. Paddy Hill var ein av desse saman med dei fem andre i «Birmingham six». I 1975 vart dei urett dømde for IRA-bombing i Birmingham, og fekk 21 livstidsstraffar kvar. Domane vart oppheva i 1991.
Fredslinje i Belfast
Fredsline (peace line) i Belfast. Fredsliner eller fredsmurar er fysiske sperringar mellom hovudsakeleg unionistiske (protestantiske) og republikanske (katolske) område, og stammar frå The Troubles-perioden. Murane skulle redusera vald og konfliktar mellom gruppene. Fredsliner finst først og fremst i Belfast, men også i andre større byar i Nord-Irland, og dei lengste er over fem kilometer lange.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

The Troubles er eit lett skjønnmålande uttrykk for den politiske og valdelege striden om Nord-Irland. Uttrykket vert oftast brukt om trettiårsperioden frå 1968 til langfredagsavtala i 1998. Nokon sett startpunktet til 1966, då Ulster Volunteer Force (UVF) starta drapsbylgja i nyare tid. I lova Northern Ireland Troubles Act (2023) har britiske styresmakter avgrensa The Troubles til perioden mellom 1. januar 1966 og 10. april 1998.

Faktaboks

Etymologi

engelsk «problemene»

Også kjend som

konflikten i Nord-Irland

Tema for konflikten var om heile øya Irland skulle samlast som ein sjølvstendig stat, eller om Nord-Irland skulle halda fram som ein del av Det foreinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. Det meste av valdsbruken skjedde i Nord-Irland, men til tider skjedde det også valdshandlingar i Republikken Irland, i England og i Sentral-Europa.

Konflikttema

Blodige søndag
Ein væpna britisk soldat tar tak i ein demonstrant under masseskytinga 30. januar 1972, seinare kjend som Den blodige søndagen. 14 mennesker vart drepne.
Av /NTB Scanpix.

Konflikten var fyrst og fremst politisk, og handla om heile Irland skulle samlast som ein sjølvstendig stat, eller om Nord-Irland skulle halda fram i union med Storbritannia. Dei som støtta foreining av Nord-Irland og republikken Irland, vart kalla nasjonalistar eller republikanarar, medan dei som støtta unionen med Storbritannia, vart kalla unionistar eller lojalistar. Historiske forhold og faktiske eller påståtte urettar i løpet av dei siste meir enn 400 åra gav næring til striden.

I nokon samanhengar vert det tala om at striden stod mellom katolikkar, som for det meste var nasjonalistar, og protestantar, som for det meste var unionistar. I dag meiner dei fleste at konflikten ikkje fyrst og fremst var ein religiøs konflikt, sjølv om det er lett å påvisa historisk at religionen har vorte brukt til å mobilisera for eigne gruppeinteresser.

Aktørar og handlingsmønster

Dei viktigaste aktørane i den valdelege konflikten i Nord-Irland på den nasjonalistiske sida har vore IRA (Irish Republican Army) og INLA (Irish National Liberation Army), som var to ulovlege militant nasjonalistiske og republikanske organisasjonar. På militant unionistisk (lojalistisk) side var dei viktigaste aktørane paramilitære organisasjonar som Ulster Volunteer Force (UVF) og Ulster Defence Association (UDA). Britiske militære styrkar – irekna spesialtroppar som fallskjermjegarar, og det nordiske politiet Royal Ulster Constabulary (RUC) – var og sentrale aktørar. Politistyrkane og militærapparatet i Republikken Irland kan og reknast med, sjølv om dei spela ei langt mindre rolle.

IRA og INLA førte ein geriljakampanje mot britiske styrkar og politiet, og ei bombekampanje mot kommersielle mål, infrastrukturmål og politiske mål. Dei lojalistiske paramilitære organisasjonane slo til mot republikanarar/nasjonalistar og relativt ofte mot katolikkar generelt. Sjølv rekna dei dette som svar på republikansk vald.

Den britiske hæren og politiet RUC dreiv med etterforsking og etterretning mot republikanarar fyrst og fremst, og gjorde mange forsøk på infiltrasjon. Tryggingstyrkane gjekk og til valdeleg aksjon mot skuldlause sivile, for eksempel ved Bloody Sunday i 1972. Det er også veldokumenterte døme på at tryggingsstyrkane samarbeidde med lojalistiske grupperingar. The Troubles medførte også at rettstryggleiken ved avhøyr og i rettssaker vart sett kraftig under press, med hardhendte forhøyrsmetodar og ei rad tilfelle av domar mot uskuldige som sona mange år i fengsel.

Eit internasjonalt ekspertpanel frå Norsk senter for menneskerettigheter ved Universitetet i Oslo frå 2024 konkluderte med at britiske og nordirske statsaktørar i stor grad hadde hatt straffefridom for klåre menneskerettsbrot dei stod bak eller samverka med lojalistiske paramilitære for å utføra. Rapporten seier at denne straffefridomen hadde vore både utbreidd, systematisk og systemisk, og at den også hadde verka i perioden etter The troubles. Rapporten utfordrar med det både oppfatninga av statsmaktene som nøytrale aktørar i konfliktane og oppfatninga av The troubles som ein rein internkonflikt i Nord-Irland.

Opptøyar, protestar og segregering

Under the Troubles oppstod gateopptøyar, masseprotestar og sveltestreikar blant republikanske fangar, periodar med no-go-areas der hæren og politiet ikkje kunne gå inn i visse bydelar og dessutan organisert sivil ulydnad. Segregering i nasjonalistiske og unionistiske bustadområde var ein verknad av the Troubles.

Meir enn 25 år etter the Troubles står framleis fredsmurane som ei påminning om at segregasjonen framleis er eit faktum.

Regjeringa kunngjer historieskriving om The Troubles

Lord (Paul) Bew
Lord (Paul) Bew (fødd 1950) er ein av dei to leiarane for den rådgjevande ekspertgruppa for Troubles-historieprosjektet. Bew er unionist og tidlegare uoffisiell rådgjevar for David Trimble, som var leiar for Ulster Unionist Party i 1995–2005. Paul Bew er professor emeritus i statsvitskap ved Queen's University Belfast.

I april 2024 kunngjorde den britiske ministeren for Nord-Irland at eit større historieprosjekt om the Troubles skal setjast i gang. Dette skulle vera eit «uavhengig offentleg historieprosjekt» som skulle gje inntil fem historikarar full tilgang til statleg arkivmateriale. Målet var å få til ei «autoritativ gransking» av den britiske regjeringa sin Nord-Irlandspolitikk under the Troubles. Regjeringa nedsette samstundes eit rådgjevande ekspertpanel på ni personar som skal koma med tilrådingar om prosjektet, om utvalet av historikarar som skal gjennomføra prosjektet og om formidling av funn.

Ei rad kritiske innvendingar mot satsinga har kome fram i irske, nordirske og britiske medier. Blant desse er om det er grunnlag for tillit til at alle relevante arkivkjelder vert opna for historikarane, om historieskrivinga vil vera uavhengig og om det er mogeleg å koma fram til noko autoritativ historieframstilling om eit fenomen som det er så grunnleggjande usemjer om. Samansettinga av det rådgjevande ekspertpanelet har også fått kritikk for å mangla praktiserande historikarar frå universiteta i Nord-Irland og personar med nasjonalistisk bakgrunn frå denne delen av Det foreinte kongeriket.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Feeney, Brian (2014); A short history of the troubles. Dublin, O'Brien Press.
  • McMahon, Sean (2011); A brief history of Northern Ireland. Belfast, The Brehon Press.
  • O'Leary, Brendan (2020); A treatise on Northern Ireland. Volume 2: Control. Oxford, Oxford University Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg