Bergsveinn Birgisson

Faktaboks

Bergsveinn Birgisson
Født
30. august 1971, Reykjavik, Island

Artikkelstart

Bergsveinn Birgisson er ein norrønfilolog og prislønna forfattar frå Island. Han har skrive den første islendingesoga på 700 år, på norrønt.

Bakgrunn

Bergsveinn Birgisson er fødd i Reykjavík og vaks opp i KópavogurIsland. Ved Háskóli Íslands i Reykjavík fullførte han i 1997 ein BA-grad i islandsk og allmenn litteraturvitskap. Seinare tok han cand.mag.-graden ved Universitetet i Oslo i 1999 og cand.philol.-graden ved Universitetet i Bergen i 2001, der han i 2008 disputerte til doktorgraden med avhandlinga «Inn i skaldens sinn. Kognitive, estetiske og historiske skatter i den norrøne skaldediktingen».

Birgisson har arbeidd som forskar og forfattar. I oppveksten arbeidde han som fiskar i Vestfjordane på Island.

Forfattarskapen

I 1992 debuterte han med diktsamlinga Íslendingurinn og har sidan gitt ut fleire andre diktsamlingar. Birgisson sin første roman var Landslag er aldrei asnalegt (Landskap er aldri tåpeleg, 2003), som er ei tragikomisk skildring av jakta på fangst, lykke og gudstru i eit avsides fiskevær. Boka vart innstilt til den islandske litteraturprisen.

I 2009 følgde Handbók um hugarfar kúa. Skáldfræðisaga (Handbok om mentaliteten til kyr. Poetologisk melding), ein burlesk «samanbrotroman» om ein forfattar som etter lengre tids utanlandsopphald vender heim for å skrive ei bok, men mislukkast fordi han ikkje kjenner seg igjen etter alle omveltingar som er skjedde på Island under hans fråvær. Samanbrotet til hovudpersonen korresponderer med at teksten kollapsar mot slutten, noko boka sin poetologiske (eller patologiske) undertittel viser til.

I 2010 kom suksessforteljinga Svar við bréfi Helgu (norsk omsetjing Svar på brev frå Helga, 2012), som vart tildelt den islandske bokhandlarprisen i 2010 og innstilt til Nordisk råds litteraturpris i 2012. Romanen er dramatisert for teater og er sett opp i fleire land, mellom anna Noreg, i tillegg til å vere planlagd filmatisert. Den omhandlar tapt kjærleik og tapt kultur, skrive med ei blanding av smerte og humor. Ein tilårskommen bonde svarer på eit gammalt brev frå ungdomskjærasten sin, og er ei historie om eit liv som aldri vart realisert.

Med sakprosaboka Den svarte vikingen (2013), som er bygd opp som ein spenningsroman, gjorde han stor suksess. Boka er sett om til mange språk. Her nøstar han opp historia til landnåmsmannen Geirmund Heljarskinn og gir han soga han aldri fekk. I 2016 skreiv Birgisson sjølve soga på norrønt, Geirmudar saga Heljarskinns. Jan Ragnar Hagland omsette soga til norsk (Soga om Geirmund Heljarskinn). I 2018 gav Birgisson ut romanen Lifandilífslækur (Reisen til livsvannet, på norsk i 2020).

Utmerkingar

I 2012 vart han nominert til Nordisk råds litteraturpris for romanen Svar på brev frå Helga. Han fekk òg den islandske bokhandlarprisen for boka. I 2013 vart han nominert til Brageprisen for beste sakprosabok med Den svarte vikingen. Han vart dessutan av kong Harald 5. utnemnd til Riddar av 1. klasse av Fortenesteordenen for arbeidet som forskar og forfattar. Han har fått ei rekkje internasjonale prisar. For boka Lifandilífslækur vart han igjen nominert til Nordisk råds litteraturpris, for 2020.

Bibliografi

  • Kolbeinsøy (Roman, Vigmostad & Bjørke, 2021)
  • Reisen til livsvannet (Lifandilífslækur) (Roman, Vigmostad & Bjørke, 2020)
  • Mannen fra middelalderen. Historikeren og morderen Tormod Torfæus (Sakprosa, Vigmostad & Bjørke, 2020)
  • Lifandilífslækur (Roman, Bjartur, 2018)
  • Soga om Geirmund Heljarskinn (Roman, Pelikanen, 2016)
  • Soga om vêret (Roman, Pelikanen, 2014)
  • Den svarte vikingen (Dokumentar og historie, Spartacus, 2013)
  • Svar på brev frå Helga (Svar vid bréfi Helgu) (Roman, Pelikanen, 2012)
  • Svar vid bréfi Helgu (Roman, Bjartur, 2010)
  • Handbók um hugarfar kúa (Roman, Bjartur, 2009)
  • Landslag er aldrei asnalegt (Roman, Bjartur, 2003)
  • Innrás liljanna (Lyrikk, NYKUR, 1997)
  • Islendingurinn (Lyrikk, Eget forlag, 1992)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Jürg Glauser: Island – Eine Literaturgeschichte. Verlag J. B. Metzler Stuttgart – Weimar 2011.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg