Jan Ragnar Hagland

Faktaboks

Jan Ragnar Hagland
Født
3. mars 1943, Haugesund

Artikkelstart

Jan Ragnar Hagland er ein norsk professor emeritus i norrøn filologi ved NTNU. Han har omsett fleire norrøne soger og verk til nynorsk. I 2017 blei han utnemnd til ridder av den islandske Falkeordenen.

Bakgrunn

Han tok cand.philol.-graden ved Universitetet i Bergen i 1969 med faga fransk og engelsk mellomfag og nordisk hovudfag. Frå 1972 har han vore tilsett ved NTNU, som universitetslektor frå 1972, førsteamanuensis frå 1978 og som professor i norrøn filologi sidan 1986. Han har vore gjesteførelesar ved ei rekkje utanlandske universitet. Forskingsinteressene hans dreiar seg i hovudsak om norrøn filologi, runologi, språkhistorie, 1700-talsstudiar og edisjonsfilologi.

Virke

Både før og etter at han i 1985 disputerte til doktorgraden med avhandlinga Riksstyring og språknorm. Spørsmålet om kongens kanselli i norsk språkhistorie på 1200- og første halvdel av 1300-tallet, har han hatt mange verv og har gitt ut ei lang rekkje bøker. Han var dekanus ved Det historisk-filosofiske fakultet, Universitetet i Trondheim / AVH (Den allmennvitskaplege høgskolen) i åra 1987–90 og dekanus for forsking same staden frå 1992 til 1994. Han var formann i styringsgruppa for prosjektet «Henrik Ibsens skrifter» frå 2002 til 2005 og prosjektleiar for prosjektet «Trondheim–Sofia Corpus of Old Slavic Texts» frå 1996 til 2002.

Utgivingar

Han har omsett fleire norrøne soger til nynorsk, mellom dei Njålssoga, Soga om Gisle Sursson, Soga om fosterbrørne og Tormodståtten og Soga om Torlids og Havlide. Han har òg omsett Landnåmabok til nynorsk, og saman med Jørn Sandnes omsette han Frostatingslova. Hagland var medforfattar av Handbok i norrøn filologi, som kom i 2004, og Trøndersk språkhistorie, som kom i 2008.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Dalen, A. ofl. (2008): Trøndersk språkhistorie – språkforhold i ein region. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag
  • Haugen. O. E., red. (2004): Handbok i norrøn filologi. Bergen: Fagbokforlaget

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg