Andreas Seierstad

Faktaboks

Andreas Seierstad

Andreas Pedersen Seierstad

Født
24. november 1890, Hedrum (no Larvik), Vestfold
Død
15. juli 1975, Oslo

Artikkelstart

Andreas Seierstad var ein norsk teolog og kyrkjehistorikar. Han blei cand.theol. i 1921 og dr.theol. i 1924. Frå same år var han dosent ved Det teologiske menighetsfakultet og professor i kyrkjehistorie same stad frå 1945 til 1960. Han var dekan frå 1946 til 1954.

Seierstad gav ut mellom anna doktoravhandlinga Kyrkjelegt reformarbeid i Norig i nittande hundreaaret (1923), Olavsdyrking i Nidaros og Nord-Europa (1930) og mindre avhandlingar om norsk kyrkjehistorie, særleg mellomalderen, reformasjonstida og 1800-talet, dei fleste prenta opp att og samla i Fedrearv og kristenkall (1965). Han var medredaktør av Tidsskrift for teologi og kirke i 1930 til 1960 og medlem av Den midlertidige kirkeledelse i 1943 til 1945.

Han var bror av Ivar Pedersen Seierstad.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg