våradonis

Våradonis av . CC BY 2.0

Våradonis er ei fleirårig urt i adonisslekta i soleiefamilien. Planta, som har finflika blad og ofte veks i små tuer, vert 20–30 centimeter høg. Ho blømer med gule blomar i mai-juni.

Faktaboks

Også kjent som
Adonis vernalis

Våradonis er viltvoksande i Mellom- og Sør-Europa nord til Öland og Gotland. I Noreg vert planta dyrka som hageplante.

Skildring

Våradonis er ei fleirårig urt som vert mellom 20 og 30 cm høg. Dei nedste blada er skjelliknande, medan dei lengre opp på stengelen er finflika. Ho har store, gule blomar som vert mellom 4–8 cm i diameter og som sit toppstilt på planta. Blomane har mange blomedekkblad, pollenbærarar og fruktblad. Blomane er insektspollinerte, og fruktene som vert danna er smånøtter. Smånøttene har eit oljehaldig vedheng, eit elaiosom, og vert spreidd med maur. Forutan seksuell formeiring ved frø, kan planta formeirast vegetativt ved hjelp av underjordiske jordstenglar.

Dyrking og bruk

Stauda vert dyrka som hageplante, og har vore nytta som medisinplante. Ho har mellom anna blitt nytta som hjartemedisin, mot kjønnssjukdommar, mot menstruasjonssmerter og mot feber.

Utbreiing

Våradonis veks naturleg i Mellom- og Sør-Europa opp til Öland og Gotland. I Sverige er planta freda. Våradonis er kalkkjær og ljoskrevjande, og veks ofte på open, tørr grasmark.

Veksestad

Våradonis trivest best i full sol til halvskugge og i tørr, kalkhaldig jord. Stauda er hardfør til H7

Systematikk

Nivå

Norsk namn

Vitskapleg namn

Art

Våradonis

Adonis vernalis

Slekt

Adonisslekta

Adonis

Familie

Soleiefamilien

Ranunculaceae

Orden

Soleieordenen

Ranunculales

Klasse

Tofrøblada planter

Dicotyledoneae

Rekke

Dekkfrøa planter

Angiospermae

Rike

Planteriket

Plantae

Giftinformasjon

Våradonis er giftig og inneheld glykosid som kan påverke hjarta. Giftinformasjonen bør kontaktast om det er mistanke om at nokon har ete våradonis.

Les meir i Store norske leksikon

Ekstern lenkje

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg