Transspråking (også kalla språking) er at personar bruker alle sine språklege ressursar i same kommunikasjonssituasjon. Det er både eit språkvitskapleg omgrep som skildrar denne typen språkbruk, og eit pedagogisk omgrep som skildrar ei tilnærming til språkleg variasjon i klasserommet.

Faktaboks

Etymologi

av latin trans- ‘over-‘ eller ‘gjennom-‘. Det norske omgrepet er omsett frå engelsk translanguaging.

I transspråking-perspektivet er ein ikkje oppteken av å definere grensene mellom ulike språk eller å skildre vekslinga mellom dei. Ein ser heller på alle språka ein person kan som ein samla ressurs, som hen kan hente ulike element frå og ta i bruk i kommunikasjon med andre, alt ettersom kva som er nyttig i den aktuelle situasjonen.

Brot med tradisjonelt syn på språk

Tradisjonell språkvitskap ser på språk som klart skilte einingar, for eksempel norsk, polsk og engelsk. I samfunnet ser ein ofte ikkje positivt på blanding mellom språk, for eksempel kodeveksling eller multietnolektisk stil. Transspråking-perspektivet markerer eit brot med dette synet på språk. Her er det ikkje språkbruken i seg sjølv, men språkbrukaren som er i fokus, og ein er interessert i kva språkbrukaren gjer med språka sine. Alle språka ein person kan (meir eller mindre godt), inngår i den personen sitt språklege repertoar og er denne personen sine samla språklege ressursar.

Når ein person tek i bruk alle sine språklege ressursar i ein kommunikasjonssituasjon, kan ein bruke transspråke eller transspråking for å skildre dette. Forstavinga trans - er valt for å vise til at språkbruken overskrid tradisjonelle inndelingar i ulike språk. Verbet språke (eller språking) er konstruert etter mønster frå det engelske languaging, der substantivet språk er gjort om til eit verb for å vektlegge språkbrukaren si aktive rolle.

På nokre norske dialektar brukar ein verbet språke for å skildre knot, altså eit negativt omgrep for blanding av dialektar. I transspråking-perspektivet er språke/språking derimot sett på som noko positivt.

Transspråking som pedagogisk grep

I skulen er det vanlegvis ein einspråkleg læringssituasjon, der ein skal bruke eitt språk (for eksempel norsk), medan andre språk som eleven kan, ikkje skal takast i bruk. Det finst sterke ideologiske føringar på kva som er oppfatta som god/dårleg språkbruk i klasserommet. For eksempel blir bruk av andre språk enn norsk i norske klasserom ofte oppfatta som sosiale normbrot. Dette heng saman med andre språkideologiar og førestillingar som språklæring, for eksempel at det ikkje er fint å blande saman ulike språk, eller at ein trur at ein lærer eit språk best ved å berre bruke det eine språket.

Transspråking blei introdusert som eit pedagogisk grep av språkforskarane Ofelia Garcia og Li Wei i 2014. Dei bygde på forsking som har vist at det ikkje er skadeleg å bruke eller lære fleire språk på ein gong, og peikte på at fleirspråklege elevar har nytte av å bruke alle sine språklege ressursar i undervisningssamanheng. Dei meinte òg at det ikkje var så viktig å skilje skarpt mellom eleven sine språk, men at ein heller burde sjå alle språka eleven kan (i større eller mindre grad) som ein samla ressurs.

For eksempel kan det vere bra for læringa at ein elev kan notere på både norsk og somali, eller diskutere med sidemannen på både polsk og norsk. Transspråking kan også opne opp for språkleg kreativitet i klasserommet, for eksempel når ein skal uttrykke seg litterært. Kort sagt handlar transspråking om at eleven skal få kunne bruke alt hen kan (uavhengig av språk) i læringssituasjonen.

Transspråking er eit maktkritisk og demokratisk perspektiv som legg vekt på at alle elevar innehar kunnskapar som dei bør få ta med seg inn i klasserommet, sjølv om ikkje alle kan majoritetsspråket like godt. Omgrepet transspråking ser på fleirspråklegheit som ein ressurs, og dette er eit perspektiv som i stor grad har fått gjennomslag i norske styringsdokument for skulen. Læreplanen i norsk har for eksempel «språkleg mangfald» som eit kjerneelement.

Transspråking-didaktikk er likevel lite brukt i norske skular. Dette kan henge saman med at det er eit stort språkleg mangfald i norske klasserom, og at lærarane føler at dei må kunne forstå alle språka som brukast i klasserommet for å kunne tillate at dei blir tekne i bruk. Det kan også henge saman med at opplæringslova fokuserer på at elevane skal meistre majoritetsspråket norsk og ikkje har noko mål om at minoritetselevar skal kunne dei andre språka sine (unntaka her er samisk og nasjonale minoritetsspråk).

Transspråking og andre syn på språkveksling

Omgrepet transspråking har ein del fellestrekk med omgrepet kodeveksling, som også handlar om å bruke fleire språk i same kommunikasjonssituasjon. Hovudforskjellane mellom dei to omgrepa er ikkje lingvistisk, men i det språkvitskaplege perspektivet på språk og språkbruk.

I kodeveksling-perspektivet ser ein språk som skilte einingar, og ein er interessert i å skildre vekslinga mellom dei ulike språka/varietetane og å finne anten lingvistiske, pragmatiske eller sosiale grunnar til at vekslinga førekom akkurat der og da. I transspråking-perspektivet er ein ikkje oppteken av å skilje mellom språka, men ser heller språka som ein samla ressurs og språkbruken som utan klare grenser. Då blir det relevant å setje talaren i sentrum og sjå på kva alternative språktrekk og språklege uttrykk som blir brukt i ein kommunikasjonssituasjon, korleis talaren vel mellom ulike alternativ, og kva slags sosial meining desse vala signaliserer.

Omgrepet transspråking har også fellestrekk med negative omgrep som gjeld blanding mellom språk og varietetar som å knote, å snakke gebrokkent og liknande. Slike nemningar et utprega negative fordi ein ser på språket som skilte og veldefinerte einingar som ein ikkje bør blande saman. Omgrepet transspråking er utprega positivt og ser på blanding mellom språk som eit normalt fenomen og eit godt pedagogisk grep når ein for eksempel skal lære seg norsk.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg