tema og variasjon

Engelske seinrenessansekomponistar som William Byrd skapa med klavermusikken sin den fyrste genren der tema- og variasjonsform var i gjengs bruk.

Av .
Lisens: CC BY 2.0

Artikkelstart

Tema og variasjon er ei satsform i musikk som oppsto i seinrenessanen, og som har vore vanleg i all seinare musikk. Forma er kjenneteikna av at ein fyrst får presentert eit tema, som så blir presentert i ulike variasjonar. Ein må difor ikkje forveksla tema- og variasjonsform med former som passacaglia og chaconne, som er basert på ostinat, eller med variasjon som grunnleggjande konsept i all musikk.

Faktaboks

Også kjent som

tema- og variasjonsform

Opphav

Nett kva tid tema- og variasjonsform oppstod, er ukjent. Den vanlegaste teorien for opphavet til forma er at ho er eit resultat av at dansemusikarar, som måtte spele dei same verka opp att mange gongar, innførte variasjonar mellom kvar repetisjon. Verka av Luis de Narváez (1490–1547), kalla diferencias (1534), er gjerne rekna som dei fyrste nedskrivne verka i tema- og variasjonsform. Forma fekk si fyrste oppblømingstid i klaververka til engelske renessansekomponistar som William Byrd (1543–1623). Då tema og variasjon er ein nokså brei kategori, kan ein finne verk i alle seinare periodar som passar til konseptet, utan at dette treng å innebera eit direkte slektskap mellom alle.

Bruk

Ensemble og skala

Tema- og variasjonsform blei både brukt som enkeltsatsar i større verk og som frittståande verk. Tradisjonelt har variasjonsform vore brukt i langsame andresatsar i symfoniar og kammermusikk, men til dømes hjå Joseph Haydn (1733–1809) finn ein òg slike satsar både som fyrste- og sistesats i strykekvartettar. Blant frittståande verk har variasjonar særleg vore skrive som soloverk, og i sær for klaver, med Goldberg-variasjonane til Johann Sebastian Bach (1685–1750) som eit uvanleg ambisiøst døme.

Antonio Salieris (1750–1825) Variasjonar på «La Folia» (1815) er rekna for det fyrste reine tema- og variasjonsverket for orkester. Sjølv om desse er relativt sjeldne, finn ein fleire viktige døme, så som Johannes Brahms' (1833–1897) Variasjonar på eit tema av Haydn (1873) og Edward Elgars (1857–1934) Enigma-variasjonar (1899).

Ulike funksjonar

Nicolò Paganinis kaprise nr. 24 er eit døme på ein tema- og variasjonssats som er skriven for å visa fram ulike aspekt ved virtuos instrumentmeistring.
Av .

Det var svært vanleg at komponistar ikkje skreiv temaet sjølv, men at dette var lånt frå andre komponistar. I sær eksisterer det frå 1700- og 1800-talet ein enorm litteratur av verk som var skrivne over populære operaariar eller songar frå samtida, som nesten aldri er høyrt i dag. Slike verk tillèt komponisten å nytta seg av ein melodi som allereie var kjent, og verk skrivne for amatørar hadde ofte ein didaktisk funksjon, der kvar variasjon introduserte nye utfordringar.

På motsett side var forma ynda av utøvarar som ville syna seg fram i improvisasjon, og mange virtuosverk er difor skrivne i forma – så som Nicolò Paganinis (1782–1840) 24. kaprise for fiolin (1817) og Sergej Rakhmaninovs (1873–1943) Rapsodi på eit tema av Paganini (1934).

Struktur

Variasjonskarakter

Tema- og variasjonsform skil seg frå genrar som passacaglia og chaconne ved at repetisjonane er klart skildre frå kvarandre med kadens og stopp mellom kvar variasjon. Vanlegvis vil melodien vere felleselementet gjennom alle variasjonane, men òg denne kan bli variert nokså mykje; sjeldnare kan andre aspekt, som harmonikken, vere det samanbindande leddet.

Variasjonane kan gjere nytte av dei fleste verkemiddel for variasjon ein har, inklusive endringar i melodi, rytme, harmoni, tekstur og takt. Tema- og variasjonssatsar modulerer sjeldan, men har ofte med ein variasjon i moll for å skapa variasjon (eller i dur om satsen er i moll).

Rekkjefylgja på variasjonane vil ofte ikkje vere vilkårleg, men vere grunna i eikor form for dramatisk plan. Den vanlegaste planen er nok at ein byrjar med ein enkel variasjon som presenterer det grunnleggjande innhaldet, og at variasjonane gradvis får kortare noteverdiar. Ein kan derimot òg organisera tema- og variasjonsformer etter andre prinsipp.

Formvariantar

Ein tema- og variasjonssats er vanlegvis avslutta av ein koda, som går utover rammene til variasjonane. På denne måten får satsen ein meir konkluderande slutt.

Ein finn stundom dobbelvariasjonsformer, der to ulike tema blir varierte. I slike tilfelle har ein vanlegvis eitt tema i dur og eitt i moll. Desse temaa vil gjerne slekte på kvarandre musikalsk, men dei blir nesten alltid spela vekselvis, slik at dei ikkje mistar dei separate identitetane sine

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg