norske satellittar

Modell av satellitten nCube II, ein 1-unit CubeSat.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Artikkelstart

Norske aktørar har utvikla og skote opp fleire satellittar. Her følgjer ei oversikt over satellittar utvikla og skotne opp av norske aktørar sidan 2000:

AISSat-serien

AISSat 1, 2 og 3 vart skotne opp i perioden 2010–2017 av Forsvarets forskningsinstitutt (FFI), Norsk Romsenter, Kystverket og Kongsberg Seatex. Satellittane har ein AIS-mottakar for registrering av skipstrafikk. AISSat-3 kom aldri i bane på grunn av ein feil med raketten. Satellittane er små kuber med sider på 20 centimeter.

NorSat-serien

NorSat 1 og 2 vart skotne opp i 2014. Satellittane har ei form på omtrent 20x30x40 centimeter.

Det er fleire satellittar under utvikling.

Studentsatellittar

Frå 2001 og fram til i dag har det vore fleire studentsatellittprosjekt i Noreg, og tre satellittar har vorte skotne opp:

  • nCube 1 og 2: Små 1-unit CubeSats utvikla av NTNU, Universitetet i Oslo (UiO), tidlegare Høgskolen i Narvik (HiN) og UMB. Satellittane skulle spore reinsdyr ved hjelp av AIS. Dessverre gjekk nCube 1 tapt då oppskytinga feila i 2006. nCube 2 vart skote opp i 2005, men fungerte heller ikkje.
  • HiNCube: Ein liten satellitt (1-unit CubeSat) utvikla av tidlegare HiN. Satellitten vart skoten opp i 2013, men det vart ikkje oppnådd kontakt med denne.

I tillegg har det vore satellittprosjekt ved UiO og NTNU.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg