Faktaboks

Christiaan Huygens
Hugenius
Uttale
hˈøyγəns
Fødd
1629
Død
1695
Christiaan Huygens

Christiaan Huygens med eit av dei første pendelura sine. Tresnitt frå 1800-talet.

Av /KF-arkiv ※.

Christiaan Huygens var ein nederlandsk matematikar, fysikar og astronom. Han blir rekna som ein av dei store grunnleggjarane av naturforskinga i nyare tid, og han dannar ved sida av Johannes Kepler bindeleddet mellom Galileo Galilei og Isaac Newton. Huygens er viktig innanfor optikken, der han grunnla bølgjeteorien for lys og gjorde fleire viktige oppdagingar, mellom anna det vi i dag kjenner som Huygens' prinsipp. Dessutan fann han opp pendeluret, oppdaga Saturns måne Titan og gav fleire viktige bidrag til matematikken.

Romsonden Huygens, som i 2005 mjuklanda på Titan, er oppkalla etter Christiaan Huygens.

Biografi

Huygens kom frå ein velståande familie og kunne leve som fri forskar. I 1666 kalla Ludvig 14 han til ei godt løna stilling ved det nyleg oppretta vitskapsakademiet i Paris. Her levde Huygens til 1681, då han på grunn av krigen med Nederland drog tilbake til heimlandet. Her var han dei 14 siste leveåra sine på godset Hofwijck, som han arva frå far sin, ved byen Haag.

Bidrag til mekanikken

Ut frå dei lovene som Galilei hadde funne for dei enklaste rørslene, fann Huygens lovene for meir innvikla rørsleformer: rørslene til lekamar i sirkelforma baner, støyt mellom lekamar og den fysiske pendelen. Gjennom inngåande studiar av desse rørsleformene fann han opp pendeluret (1656), og i boka Horologium Oscillatorium (1673) utforma han konstruksjonen av pendelur på ein så genial måte at ein i hovudtrekk byggjer på denne framleis.

Studiar innan optikk

Huygens hadde mykje å seie for optikken. Han grunnla bølgjeteorien, bygd på hypotesen om ein lyseter, og forma ut det viktige prinsippet for konstruksjonen av ein bølgjefront som seinare er kjend under namnet Huygens' prinsipp. Han undersøkte dobbeltbrytinga til lyset og forbetra kikerten, mellom anna ved konstruksjonen av eit samansett okular, Huygens' okular, som framleis blir brukt i mikroskop. Desse arbeida førte til at han oppdaga éin av Saturns månar, Titan, og konstaterte at ringen omkring Saturn er frittsvevande (offentleggjort i Systema Saturnium i 1659).

Matematiske arbeid

Huygens gav òg svært viktige bidrag til matematikken. Spesielt viktig er De Ratiociniis in Ludo aleae (1657), som gir den første systematiske framstillinga av sannsynsrekning. Interessa for pendelur leidde han til å studere sykloidar, og han innførte evoluten til ei kurve som omgrep, bestemte kjedelinja og fann nye eigenskapar ved ei rekkje kjende kurver. Han utførte òg fleire arbeid innan anvend matematikk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg