Nanosatellitt er ein satellitt med masse mellom 1 og 10 kg. Dette er ein svært populær satellittstorleik, og dei fleste CubeSats er klassifisert som nanosatellittar.

Typiske bruksområde er jordobservasjon ved bruk av ulike kamera, og satellittkommunikasjon. Sidan satellittane er svært små, har dei oftast berre ei eller to nyttelaster ombord. På grunn av avgrensa storleik, har slike satellittar også små solcellepanel, slik at energien og effekten tilgjengeleg for nyttelasta blir lita (ofte mellom 2 og 50 watt i korte tidsrom). Somme satellittar har utfaldbare solcellepanel for å auke arealet og dermed energiproduksjonen.

Små satellittar er billege å bygge og skyte opp, og er difor populære for universitetsprosjekt eller andre prosjekt der ein ynskjer å bygge mange like satellittar. Jordobservasjonssatellittane til det amerikanske selskapet Planet er eit døme på dette.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg