CubeSat - nCube II
Modell av satellitten nCube II, ein 1-unit CubeSat.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

CubeSat er eit namn på ein populær type små satellittar. Satellittane vert kalla CubeSat (kube-satellitt) fordi dei er bygd opp av modular (kalla cubes eller units) på 10 × 10 × 10 kubikkcentimeter.

Faktaboks

Også kjend som

kubesatellitt

Det å bygge små satellittar etter denne standarden vart tidleg populært ved amerikanske universitet. Sidan rundt år 2000 har det vakse fram CubeSat-prosjekt ved mange universitet verda over, og fleire selskap har brukt CubeSats som base for både vitskaplege og kommersielle prosjekt.

Bakgrunn

Konseptet CubeSat vart funne på av dei amerikanske professorane Robert (Bob) Twiggs og Jordi Puig-Suari, som då var ved Stanford-universitetet og ved Cal Poly. Føremålet var å skape ein enkel standard som gjorde det mogeleg for universitetsstudentar å lære seg å utvikle og få skote opp ekte satellittar på relativt kort tid.

CubeSat-standarden i seg sjølv er ganske enkel; den fortel at ein satellitt kan vere bygd opp av til dømes 1, 2, 3, 6 eller 12 units (U), han har dermed ei definert form og vekt. Det finst ulike storleikar frå 0,25 til 48 U, med masser frå eit par hundre gram opp til rundt 40 kg.

Det er i utgangspunktet berre storleik og vekt som har definerte grenser. Innhaldet i ein CubeSat vil variere frå prosjekt til prosjekt.

Bruk

CubeSats vert ofte bygd som teknologidemonstratorar, det vil seie ein satellitt for å teste første versjonen av eit satellittsystem eller ei nyttelast. Dei seinare åra har slike satellittar vore gjennom ei stor utvikling, både i kapasitet og i kva for bruksområde dei kan ha. Slike satellittar vert utvikla og brukt av alt frå store romfartsorganisasjonar som NASA og ESA, private føretak samt forskingsinstitusjonar, universitet og høgskular.

CubeSats i Noreg

Totalt har fleire hundre CubeSats vorte skotne opp sidan 2000. Det har òg vore, og er, fleire CubeSats under utvikling i Noreg, både som studentprosjekt og forskingsprosjekt. Sjå artikkelen om norske satellittar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg