Dronning Sofie Magdalene (1700–1770)
Fram til 1845 eigde den danske dronninga alle perler i Noreg, frå 1845 fekk grunneigarane retten til perlene.
Dronning Sofie Magdalene (1700–1770)
Av /Rosenborg Slot.
Elvemusling i  Skjellbekken, Øvre Passvik.

Tidlegare fanst det elvemuslingar over heile Europa. I dag står Noreg – saman med Sverige, Skottland og Russland – igjen som dei viktigaste landa for den raudlista arten. Truleg er rundt halvparten av elvemuslingbestandane i Europa i Noreg og Sverige.

Elvemusling i Skjellbekken, Øvre Passvik.
Av /NTB.
Danske kronjuveler

Danske kronjuvelar. Perlekjeda med tilhøyrande miniatyr av Christian 8 (konge i Noreg i 1814 under namnet Kristian Fredrik), båe framstilte for dronning Caroline Amalie av norske perler.

Danske kronjuveler
Av .

Lov om perlefiskeriet er ei norsk lov frå 1845 som regulerer rett til fiske etter perlemuslingar. Frå 1691 til 1845 eigde den danske dronninga alle perler i Noreg, frå 1845 fekk grunneigarane retten til perlene. Lova er lite aktuell i dag, fisket etter elvemuslingar vart lågare frå midten av 1700-talet, og elvemuslingar vart totalfreda i 1993. Lova er blant dei eldste norske lovene som framleis er gyldige.

Faktaboks

Fullt namn
Lov om Perlefiskeriet
Vedteken
07.06.1845
Lovdata-ID
NL/lov/1845-06-07

I tidlegare tider var elvemuslingen ein viktig ressurs på grunn av perlene, kanskje spesielt i Skandinavia og Russland. Det førte til stort press på arten. Det vart fanga store mengder perler, særleg til kongehusa og kyrkja. For å få gode perler måtte ein ta livet av svært mange elvemuslingar. Rundt éin av tusen elvemuslingar har perler i seg, av desse er det igjen berre éin av tusen som har så høg kvalitet at dei kan brukast til utsmykking.

Frå 1665 skulle kongen i København ha fyrsterett til alle perler frå Noreg. Det vart tilsett lokale perleinspektørar, og det var straffbart å drive ulovleg perlefangst. I 1691 overtok dronninga alle rettar til perlene. I 1733 var bestanden så låg at det vart innført mellombels stans i fiske. Frå 1845 vart rettane til perlene overført til grunneigarane.

Foto av arvefyrstekrona (kronprinskrona)

Den norske arvefyrstekrona frå 1846 er den einaste av dei norske kronregaliaa som heilt sikkert har perler frå elvemusling. Krona vart teikna av Johannes Flintoe og laga av gullsmed Herman Colbjørnsen Øyset i Christiania. Krona, som aldri har vore brukt, er åttetakka og har 32 norske ferskvassperler og fargerike smykkesteinar.

Av /NTB Scanpix.

Innhaldet i lova

Elizabeth 1., «Armadaportrettet»

Det kjende Armadaportrettet av Elizabeth 1 frå 1588. Kongehuset Tudor i England var storforbrukarar av perler. Perlemoten kom også til det danske hoffet mot slutten av 1500-talet, men i langt enklare former enn på dette maleriet.

Elizabeth 1., «Armadaportrettet»
Av / Woburn Abbey.

Lov om perlefiskeriet er ei kort lov. Den fulle teksten (omsett til moderne norsk) er «Forordninga av 28. mai 1718 om perlefangst i Kristiansands stift [«fylke»] og andre stift i Noreg, i tillegg til den kongelege resolusjonen av 5. januar 1791 om perlefiskeriet i Kristiansands stift og alle andre føresegner om perlefiskeriet, blir oppheva. Perlefiskeriet skal i framtida tilkome eigarane av grunnane [elvane] der muslingane finst.»

Den danske originalteksten er «Forordningen af 28de Mai 1718 om Perlefangsten i Christianssands og andre Stifter i Norge samt den Kongelige Resolution af 5te Januar 1791 om Perlefiskeriet i førstmeldte Stift tilligemed alle øvrige særskilt om dette Fiskeri udgivne Bestemmelser ophæves herved, saaledes at Perlefiskeriet fremtidigen skal tilkomme Eierne af de Grunde, paa hvilke Muslingerne findes.»

Lova opphevar altså tidlegare forordningar, resolusjonar og andre føresegner om rettane til perler i norske elvar; og overfører desse rettene til grunneigarane.

Historikk

Kart over perleelvene på Jæren

Byskrivar og perleinspektør Ulric Frideric Aagaard teikna både ein imponerande plansje over elvemuslingane sitt liv frå fødsel til alderdom (1725) og kart over perleelvene på Jæren (1728). Båe vart sende til København, og båe dokumenta finst i dag i Riksarkivet. Aagaard la vekt på å teikna inn alle perleelvene. Til høgre har han i tillegg skrive opp namna på desse elvene: Høilands Elven, Stangelands Elven, Figgen,Nærims Elven, Varhougs Elven og Ogne Elven.

Kart over perleelvene på Jæren
Av /Riksarkivet.
Konsesjon til perler i Noreg

Kopi av den trykte Concessionen datert 5. januar 1731 der kong Christian 6. gav dronning Sofie Magdalene fri disposisjonsrett over perlefangsten i Noreg. Sophie Magdalene vart i 1733 den første og einaste dansknorske dronninga som besøkte Noreg.

Konsesjon til perler i Noreg
Av .

Perlefisket i nordområda har vore viktig i lang tid. Det er mellom anna funne perler i graver frå vikingtida. I mellomalderen tok perlefisket seg opp, særleg for å forsyne kongehusa og kyrkja med perler til klede og anna utsmykking.

På 1600-talet tok dei danske kongane kontroll over perlefangsten i norske elvar. I 1637 skreiv til dømes Christian 4. brev til lensmannen over Agdesiden len og bad han kjøpe opp perlene der og sende dei til København. I 1665 kom eit kongeleg direktiv om perlefangst, der Frederik 3. tilsette ein perleinspektør for å ha oppsyn med perleelvane i Stavanger stift. Stavanger stift var stort, og omfatta alle dei viktigaste perleelvane i Noreg. Bøndene fekk plikt til å selje perlene sine til kongen til ein låg pris.

Dimed vart det frå 1665 slutt på fritt sal av perler. Kongen skulle ha fyrsterett til alle perler frå Noreg. Det skulle tilsetjast lokale perleinspektørar, og det var straffbart å drive ulovleg perlefangst.

Frå 1691 overtok dronninga i København retten til alle perler i Noreg, og frå 1695 vart ordninga med perleinspektørar utvida til å gjelde alle stift i Sør-Noreg.

Dronning Sofie Magdalene fekk ved konsesjon av 5. januar 1731 fri disposisjonsrett over perlefangsten i Noreg. På den tida var perlefisket så viktig at fiskarane slapp militærteneste og andre pliktar. For å sikre at alle perler vart sende til hoffet i København, vart òg tysting av tjuvfiske honorert med fritak frå militærteneste, anten for ein sjølv, ein son eller ein bror. Og den som vart teken for tjuvfiske etter perler risikerte streng straff, til og med dødsstraff.

Etter mange år med overfiske byrja det å kome rapportar om at vassdraga var tomme for elvemuslingar, og i oktober 1733 gav dronning Sofie Magdalene eit mellombels forbod mot perlefangst i Noreg. Etter dette vart ikkje perlefisket det same igjen.

Frå 1768 vart perlefangsten forpakta bort til private, og i 1791 overtok futane tilsynet med perlefangsten og hadde ansvar for å sende perlene til dronninga i København. Frå 7. juni 1845 vart retten til å leite etter perler overført til grunneigarane ved Lov om perlefiskeriet.

Elvemuslingar i dag

Elvemuslingen vart totalfreda i 1993 i Noreg (forskrift om fangst av elveperlemusling av 30. desember 1992).

I 2006 var elvemuslingen ein av dei fyrste artane som fekk ein nasjonal handlingsplan frå Direktoratet for naturforvaltning. Arten står oppført på Norsk raudliste for artar som sårbar og på Verdens naturvernunions raudliste for trua artar som sterkt trua.

Det er i dag flest elvemuslingar i Nordland, Trøndelag og Møre og Romsdal.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Lisabet Risa (2004) Då perlefangsten i Håelva var kongeleg privilegium. Sjå Jæren 2004, Jærmuseet, 21. juni 2011.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg