Jordobservasjon

Jordobservasjonssatellittar i formasjon. Tidspunkta som er oppgitt for satellittane er lokal soltid for ekvatorpassering (A for engelsk Afternoon). Satellittane er utstyrt med forskjellige spesialinstrument for måling av mellom anna ulike atmosfæriske fenomen og korleis desse varierar med høgda.

Jordobservasjon
Av /AlexMcClung ※.

Jordobservasjonssatellitter er satellittar som ved hjelp av fjernmåling vert brukt til jordobservasjon, det vil seie innsamling av informasjon om jorda. Til dømes hav, landområder, isdekke og atmosfære. Informasjonen kan nyttast til forsking og har i seinare tid også fått andre, praktiske bruksområde som resursovervåking, miljøkartlegging eller meir industrielle bruksområde som resurskartlegging og -forvaltning, skipsovervåking med meir.

Instrument og bruksområde

Det finst mange ulike jordobservasjonssystem og jordobservasjonssatellittar, mange av desse er store og har meir enn eit instrument. Ei lang rekkje ulike instrument kan nyttast, oftast ulike radar-system (aktive sensorar) eller optiske kamerasystem (passive sensorar). Optiske system er ofte multispektrale eller hyperspektrale kamera eller kamera med ulike oppløysingar tilpassa det ein ynskjer å observere. Høgoppløyste kamera kan ha ei oppløysing som kan skjelne detaljar på mindre enn ein meter på jordoverflata. Aktive radarsystem er gjerne høgdemålarar, radiometer og radar, spesielt SAR (syntetisk aperturradar).

Satellittar og baner

Stillehavet sett frå geostasjonær bane - IR-kanal
Jorda sett frå geostasjonær bane, frå ein satellitt over Stillehavet.

Ein plasserer helst satellittane i anten polar lågbane (LEO) eller geostasjonær bane (GEO). Satellittar i solsynkrone baner passar bra for optiske instrument, sidan at dei områda ein observerer på jorda vil få tilnærma like lystilhøve kvar dag, sidan satellitten passerer over eit område til same sideriske tid kvar dag. Satellittar i solsynkrone baner går også over polane, og kan difor over tid dekkje heile jorda.

Frå geostasjonær bane kan ein satellitt halde eit fast overblikk over ein stor del av jorda, dette vert mykje nytta for meteorologiske satellittar.

Det finst både offentlege og private system og konstellasjonar av jordobservasjonssatellittar. Dei viktigaste døma er EU/ESA sitt Copernicusprogram som per januar 2021 består av sju ulike Sentinel-satellittar. Elles er radarsatellittane til Landsat og vêrsatellittane MetOp viktige. NASA har også det store EOS-programmet med mellom anna satelittane Aqua, Terra og Aura. Av private føretak kan den store konstellasjonen med små kamerasatellittar som Planet har nemnast som eit døme.

Den første jordobservasjonssatellitten var den amerikanske satellitten TIROS 1 (Television and Infrared Observation Satellite), skoten opp 1. april 1960.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg