Ulik spektral oppløysing
Figuren viser eit døme på ulik spektral oppløysing, frå gråtonar, fargar til vanlege fargebilete samt multi- og hyperspektrale spektra.
Ulik spektral oppløysing
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Multispektrale opptak er ein fjernmålingsteknikk med der ein registrerer strålingsenergien frå eit objekt i fleire bølgelengdeområde av det elektromagnetiske spekteret samstundes. Desse bølgelengdeområda vert kalla opptaksband eller kanalar. Eit slikt opptak vil innehalde både eigenstråling og reflektert stråling frå objektet ein observerar. Om talet på opptaksbånd er større enn 10, brukar ein ofte uttrykket hyperspektrale opptak. Eit vanleg fargebilete har til samanlikning berre tre kanalar; raud, grøn og blå. Figuren viser eit døme på denne inndelinga.

Eksempel på opptaksmetode

Multispektrale data er data som er registrert ved multispektrale opptak. Dei ulike bølgelengdekomponentane i strålinga som skal registrerast må delast opp slik at det treff ulike delar av detektoren. Til dømes, for eit multispektralt kamera som måler strålingsenergi i det optiske spekteret, kan lyset bli spreidd gjennom eit prisme eller liknande. Då vil dei ulike bølgelengdene blir registrert på individuelle pikslar langs ein linje. Signalet ut frå detektorcellene eller pikslene vil ofte verte gjorde om til gråtoneverdiar. Dei vert så organisert og lagra på en måte som er avhengig av dataformatet eller biletfilene ein ynsker å få ut. Ut frå dette kan ein presentere utvalde datasett, til dømes data frå tre spektralband, som ein gjev fargekomponentane raud, grøn og blå, eller et meir omarbeidd utval av data som kan visast som fargebilete.

Avhengig av bruksområdet og typen instrument, kan multispektrale data også innehalde informasjon om strålingsenergi utanfor det synlege spekteret, inkludert infra-raud stråling og ultrafiolett lys.

Bruksområde

Multispektrale data kan nyttast til å seie noko meir om eigenskapane til eit objekt enn kva ein kan sjå ved å berre nytte instrument som kan registrere raud, grøn og blå farge. Ein kan til dømes seie noko om kva det ein studerer er laga av, eller om/kor mykje det ein ser på inneheld av eit bestemt stoff.

Slike instrument vert ofte nytta i jordobservasjon til å studere sjø og hav, kystområde, vegetasjon, skog og så vidare. Sjå også vegetasjonsindeks.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg