Satellittkonstellasjon er ei samling av satellittar som i fellesskap leverer ei teneste. Til dømes kan fleire ulike satellittar med ulike jordobservasjonsinstrument tilsaman levere overvakingstenester for ein eller fleire sluttbrukarar. Dei ulike Sentinel-satellittane i Copernicusprogrammet er eit døme på dette.

Faktaboks

Også kjend som

konstellasjon

I andre tilfelle er alle satellittane i ein konstellasjon like. Iridium, Starlink og andre kommunikasjonssystem er døme på dette. Då er satellittane i konstellasjonen spreidd utover fleire baneplan for å gi ei kontinuerleg dekning over eit område. Nokre konstellasjonar dekkjer heile Jorda. Iridium er eit døme på det. Andre konstellasjonar dekkjer gjerne eit utvalt område. Per 2020 dekkjer til dømes Starlink berre området mellom 60 grader sør og 60 grader nord. Konstellasjonar med svært mange satellittar, slik som StarLink og OneWeb-tenestene vert ofte kalla megakonstellasjonar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg