Earth Observation System (EOS) er namnet på eit NASA-program for jordobservasjon og mijøovervåking. Programmet består mellom anna av ein serie med jordobservasjonssatellittar i polarbane.

Faktaboks

Også kjend som
fork. for eng. Earth Observing System

Satellittane bidreg til å skaffe kunnskap for klimaforskning, ved å måle mange ulike parameter på landjorda, havet og i atmosfæra. Nokre døme på målingar er energiutstråling fra jorda, skydekke og nedbør, gassar i atmosfæra som vassdamp, drivhusgassar, ozon og partiklar. Vidare vert isbrear og utbreiing av havis registret.

EOS er ein viktig del av NASAs miljøovervåkingsprogram Earth Science Enterprise (ESE).

Satellittane Terra, Aqua og Aura er viktige delar av programmet.

Eksterne linkar

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg