Hokkien er eit kinesisk språk som tradisjonelt blir tala heilt søraust i Kina, langsmed kysten sør i provinsen Fujian, og på Taiwan. Det er framleis det dominante språket båe stader, i tillegg til standardspråket mandarin. Hokkien er òg det største kinesiske språket blant den kinesiske diasporaen i Søraust-Asia.

Namnet «hokkien» kjem frå uttala av namnet på provinsen der språket oppstod – Fujian på mandarin. På Taiwan er tai yu ('taiwansk tale') ei vanleg nemning. Andre namn er quan-zhang pian ('Quan-Zhang-greina') og minnan yu ('sør-Min-tale').

Klassifisering

Hokkien er det største språket i språkundergruppa minnan, som igjen høyrer til min (閩), ei av sju hovudgrupper av sinittiske (kinesiske) språk. Minnan (yu), eller sør-min-(tale) blir ofte nytta synonymt med hokkien, men eigentleg finst det òg andre språk innanfor minnan – til dømes teo-swa, som blir tala av fleire millionar i Chaoshan-regionen aust i Guangdong. Hokkien og teo-swa har ifølgje éin studie 51 prosent innbyrdes forståing, jamførbart med russisk og ukrainsk. Hainanesisk, eit anna stort sør-min-språk, har så og seie inga innbyrdes forståing med hokkien.

Dialekter

Det er òg vesentlege dialektale forskjellar innanfor hokkien. Det er fire dialektgrupper: Quanzhou-dialekta (nord), Amoy-dialekta (øst) Zhangzhou-dialekta (sør), og Longyan-dialekta (vest), kalla opp etter byane der dei er mest utbreidde. Quanzhou- og Zhangzhou-variantane er størst – og gjev namnet på hokkien i kinesisk lingvistikk: quan-zhang pian.

I tillegg finn ein alle dialektene bortsett frå longyan òg på Taiwan, der dei har hatt ei eiga utvikling. Til dømes har taiwansk hokkien mange lånord frå japansk. Taiwansk hokkien blir gjerne kalla tai yu og tâi-gí ,"taiwansk tale", på høvesvis mandarin og hokkien.

Historie

Hokkien har fire historiske lag, som reflekterer tre bølgjer med folkevandring. Det første laget er eit substrat frå det (eller dei) ikkje-sinittiske språket som urinnvånarane i området tala. Forskarar trur dette språket, som no er forsvunne, var anten austronesisk eller tai-kadai. Det andre laget stammar frå dei første han -kinesarane som koloniserte området etter at Han-dynastiet (202 fvt.–220 evt.) overvann det lokale Min-yue-kongedømet. Det tredje laget stammar frå den neste bølgja med han-kinesisk migrering under nord- og sør-dynastia (420–589). Det siste laget er frå den siste bølgja med migrering under Tang-dynastiet (618–906).

Dei siste tre laga er til dømes reflektert i tre ulike variantar av ordet for «stein» på moderne hokkien. Stein blir vanlegvis uttala chiòh (og høyrer då til lag 2), men i ordet for granateple blir stein uttala siàh (lag 3) og i ordet for steinakupunktur sèk (lag 4). Etymologisk er dei alle det samme ordet, men reflekterer altså kva for tid dei var ført inn i hokkien frå nordlege kinesiske varietetar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg