Dei seks dynastia (liù cháo 六朝) er ei nemning på perioden 222–589 i Kinas historie, då herskarslekter i Yangtze-dalen herska over Sør-Kina med Jiankang (Nanjing) som hovudstad. Nemninga dei seksten statane (304–439) blir nytta om Nord-Kina i den samme perioden, medan «nord- og sør-dynastia» er ei samlenemning for heile Kina i perioden 420–589.

Faktaboks

Uttale

ljåo-tsjao, IPA: [ljoʊ.tʂhɑʊ]

Etymologi

liù 六, "seks"

cháo 朝, "dynasti"

Også kjend som

Pinyin: Liùcháo

Kinesiske teikn: 六朝

Bokmål: de seks dynastier

Engelsk: Six dynasties

Historie

Då det mektige Han-dynastiet fall i 220, løyste det kinesiske keisarriket seg opp i ei rekkje mindre kongerike. Det politisk og kulturelt mest stabile området var i Sør-Kina, der ein territorial einskap heldt stand i 300 år, trass i at herskarslekter kom og gjekk. Desse herskarslektene var dei såkalla seks dynastia: Wu (220–280), Austre Jin (317–420), Liu Song (420–479), Sør-Qi (479–502), Liang (502–557) og Chen (557–589).

Som i andre periodar med splitting i Kina var dei seks dynastia ei tid med kulturell oppblomstring. Som ny religion var buddhismen ein religiøs, kulturell og intellektuell katalysator. Typisk kinesisk målarkunst, kalligrafi og poesi oppstod òg i perioden.

På 500-talet vart det meir fragmenterte Nord-Kina samla og vart ein veksande trussel for dynastia i sør. Perioden blir rekna som avslutta i 589, då Chen, det siste av dei seks dynastia, fall for riket Sui frå nord, som med det sameinte Kina på nytt.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg