Sør-min, eller minnan (yu), er ei gruppe av kinesiske språk med opphav i grenseområda mellom provinsane Fujian og Guangdong. På grunn av historisk migrasjon er sør-min òg utbreidd på øya Hainan og halvøya Leizhou lenger sør i Kina, på Taiwan og hjå den kinesiske diasporaen i Søraust-Asia.

Sør-min-språka har til saman i overkant av 50 millionar morsmålstalarar. Kring 30 millionar av desse talar ein variant av hokkien.

Klassifisering, særpreg og historie

Sør-min er den største undergruppa av min, éi av sju hovudgrupper av kinesiske språk. Min er rekna som den mest konservative av desse, medan sør-min er den mest konservative undergruppa av min. Enkelt sagt vil det seie at sør-min liknar mest på eldre kinesisk av dei kinesiske språka i dag. Dette gjer at sør-min-språka er populære val for framføring av gamle kinesiske dikt.

Mange aspekt av sør-min-språk stammar direkte frå gammalkinesisk istaden for frå mellomkinesisk som dei andre kinesiske språkgruppane. Den historiske grunnen er truleg at den fyrste bylgja med han-kinesiske migrantar kom til Fujian-området allereie under Han-dynastiet. I tillegg er området lite tilgjengeleg frå andre deler av Kina av topografiske årsaker.

Dårleg framkome er òg hovudgrunnen til at sør-min-språka er såpass differensierte trass korte avstandar.

Sør-min-språk

Talet på sør-min språk varierer gjerne mellom tre og seks, avhengig av klassifisering. Desse er i det store og heile innbyrdes uforståelege. Hainanesisk og leizhou-varianten blir av nokre rekna som ei eiga undergruppe av min (på linje med sør-min).

Det største sør-min-språket er hokkien, som difor ofte blir forveksla med sør-min, trass i at dei andre sør-min-språka har fleire millionar talarar. Både teo-swa og hainanesisk-leizhou, dei nest største, har fleira talarar enn til dømes norsk. Desse to, saman med hokkien, er dei mest utbreidde språka blant den kinesiske diasporaen i Søraust-Asia. Dei er minoritetsspråk i Singapore, Malaysia, Indonesia, Brunei, Filippinene, Kambodsja, Vietnam, Myanmar og Thailand.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg