Min er ei gruppe av kinesiske språk som blir tala søraust i Kina og på Taiwan. Ho er éi av sju hovudgrupper innanfor den sinittiske (kinesiske) språkgreina, som igjen tilhøyrer den sino-tibetanske språkfamilien.

Min er den gruppa av kinesiske språk med størst variasjon. Det er vanleg å dele ho inn i åtte undergrupper. Alle desse er innbyrdes uforståelege, og det samme er mange av varietetane innanfor éi undergruppe.

Den største undergruppa er minnan, eller «sør-min». Denne blir brukt sør i den folkerike kinesiske provinsen Fujian og på heile Taiwan. Den er òg det mest brukte kinesiske språket blant den kinesiske diasporaen i Søraust-Asia.

Min-språka er i det store og heile lingvistisk konservative, det vil seie at den språklege utviklinga har vore relativt lita – i motsetnad til til dømes moderne mandarin, som er gjennomgåande svært forskjellig frå gammalkinesisk. Samstundes inneheld dei spor frå ulike ikkje-sinittiske språk som vart tala av urinnvånarane i desse områda før dei vart fortrengde av kinesarar (sjå substrat).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg