Dvergålegras er en planteart i ålegrasfamilien.

Faktaboks

Også kjend som

dvergålegress

Vitskapeleg namn
Nanozostera noltei
Raudlistestatus i Noreg
EN – Sterkt trua
Global rødlistestatus
LC - Livskraftig

Skildring

Dvergålegras har ein lang rotstokk (eller rotskot) som sit festa i sand eller mudder, og frå denne veks det opp korte sideskot med grøne, smale blad. Rotstokken kan greina seg, men dei opprette sideskota er ikkje forgreina. Dei opprette sideskota kan bli til 20 centimeter lange, men er oftast kortare. Blada er 1 til 1,5 millimeter breie og har tre langsgåande nerver; ei litt kraftig i midten og to langs rendene. I enden av bladet er det ofte eit lite hakk der midtnerva endar.

Blomane til ålegras utviklar seg direkte på spesielle blad som er smalare enn dei vegetative blada. På dei blomeberande blada sit nokre få han- og hoblomar saman inne i ei spesiell hylse. Etter befruktninga utviklar hoblomane frø som liknar små riskorn.

Systematikk

Dvergålegras er ei marin karplante, altså ei blomeplante som har tilpassa seg å leva heilt neddykka i saltvatn. Dvergålegras høyrer til i slekta Nanozostera i ålegrasfamilien (Zosteracea), som er ein familie i vassgroordenen (Alismatales). Tidlegare var dvergålegras rekna som ei art i ålegrasslekta (Zostera). Karplanter som har tilpassa seg eit marint levesett høyrer til ei gruppe planter som kallast sjøgras.

Veksestad

Dvergålegras veks mest rikeleg i den nedre delen av fjøresona, men kan også finnast på grunt vatn litt nedanfor fjøremålet. Dvergålegras veks i beskytta pollar og viker, og arten veks berre på substrat av sand eller mudder.

Utbreiing

Dvergålegras veks på den austlege sida av Nord-Atlanteren, og finst frå Sør-Noreg, som dannar nordgrensa til arta, til Mauritania på nordvestkysten av Afrika. Arten er også utbreidd i Middelhavet, i Svartehavet og det Kaspiske hav. I Noreg er dvergålegras berre registrert i nokre avgrensa område i Sør-Noreg (Skagerrak, Hordaland og Rogaland).

Risikostatus og miljøpåverknad

Dvergålegras står på raudlista i Noreg og er vurdert til å vera sterkt trua. Trugsmål mot dvergålegras kan vera eutrofiering med påfylgjande overgroing av algar, inngrep som fysisk øydelegg ålegraset (til dømes utfylling, gravearbeid og muddring), og beiting frå knoppsvanar og gjess.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Faktaboks

dvergålegras
Nanozostera noltei
Tidlegare vitskapleg namn
Zostera noltii Nolte ex Rchb., Zostera minor Roth, Zostera nana Nolte ex Rchb.
Artsdatabanken-ID
99390

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg