Buslitsmann var i eldre norsk lovgiving ein gardeigar som sjølv ikkje hadde ein gard å bu på.

Faktaboks

Etymologi
av norrønt slíta bú, oppheve husholdninga
Også kjend som

boslitsmann, boeslidsmand

norrønt búslitsmaðr

Frå mellomalderen og fram mot slutten av dansketida var dei fleste norske bønder leiglendingar. Dei sat trygt på gardsbruka sine når dei oppfylte pliktene sine, med eitt unntak. Om gardeigaren (jorddrotten) sjølv mangla ein gard å bu på, vart han rekna som buslitsmann eller husvill. Etter eldre norsk rett kunne han då krevja å få tilbake den jorda han hadde leigd ut. Buslitsretten var ei sikring for jorddrotten, men eit trugsmål for leiglendingen. Me møter omgrepet buslitsmann i dei norske lovene frå 1200-talet og fram til odelslova av 1821.

Buslitsmann i eldre norsk lovgiving

Den eldste norske landskapslova, Gulatingslova, som kan gå tilbake til 1100-talet, nemner ikkje buslit eller buslitmann, men Frostatingslova frå 1200-talet tek høgde for at både leiglending og jorddrott kunne vera buslitsmenn. Om ein leiglending ikkje lukkast i å leiga seg eit nytt gardsbruk når leigeavtalen gjekk ut, vart han rekna som buslitsmann. Han hadde då krav på å få bruka halvparten av husa på garden og firedelen av graset fram til sommaren, før han måtte flytta frå garden. Om jorddrotten sjølv vart buslitsmann, kunne han flytta inn på gardsbruket han hadde leigd ut om han sa frå til leiglendingen før jul og gav han eitt års leige. Han måtte også sverja ein eid på at han var buslitsmann.

Seinare lover reknar berre jorddrottar, ikkje leiglendingar, som buslitsmenn. Avsnittet om jorddrotten som buslitsmann vart ført vidare frå Frostatingslova til Magnus Lagabøters landslov frå 1276. Innhaldet i Landslova, no i dansk språkdrakt, finn me att i Christian 4s norske lov frå 1604 med mindre endringar. Jorddrotten måtte no eiga minst halvparten av jorda, og dermed rå for bygselen (leiga), om han skulle gjera bruk av buslitsretten. I staden for eitt års leige skulle leiglendingen få betalt tilbake førstebygselen, innfestingsavgifta som var innført på 1500-talet, eller verta kompensert etter kor lenge han hadde sete på jorda. Ei nemnd på seks menn skulle i så fall avgjera kor stor denne kompensasjonen skulle vera.

Vurderinga frå ei nemnd kan ha kome inn frå ein recess frå 1565 som gav ein busliten jorddrott lov til å seia opp ein leiglending som hadde rydda ein gard som hadde lagt øyde (øydegard). Vilkåret var at leiglendingen sjølv ikkje eigde noko i garden, og at det måtte ha gått minst tre år frå garden vart rydda. Nemnda på seks menn skulle avgjera kor stor kompensasjon rydningsmannen skulle ha.

Alternativet med godtgjersle etter seks menns vurdering er teke bort i Christian 5s norske lov frå 1687. No skulle den oppsagte leiglendingen få tilbake førstebygselen og eventuelt verta kompensert for utlegga han hadde hatt på bygningane på garden utover det lova fastsette i åbot. Framleis skulle jorddrotten sanna at han var buslitsmann gjennom ein eid. Jorddrotten måtte også eiga minst halvparten av jorda og dessutan rå for bygselen.

Buslitsretten og overgangen til sjølveige

Frå slutten av 1600-talet kvitta norske embetsmenn og byborgarar seg med mykje av jordegodset dei rådde over. Det la grunnen for ein storstilt overgang til bondesjølveige. Det var to grunnar til at bøndene var interesserte i å kjøpa gardsbruka dei leigde. Den eine var at dei då ville rå over skogressursane. Den andre var at dei slik kunne hindra jordlause gardeigarar i å bruka buslitsretten etter at dei hadde kjøpt jorda.

Ein del leiglendingsgods gjekk likevel over til andre bønder enn dei som var leiglendingar på bruket når jorda vart seld. Somme av dei nye eigarane brukte då buslitsretten til å skaffa seg sjølv eller borna eit levebrød. For å hindra at leiglendingar med livstidsfeste på denne måten skulle verta kasta ut frå hus og gard, vart det med forordning av 18. oktober 1780 presisert at buslitsretten i Christian 5s norske lov av 1687 berre skulle gjelda om eigaren sjølv hadde bygsla (leigd ut) gardsbruket til leiglendingen.

Etter odelslova av 26. juni 1821 § 31 kunne ein busliten odelsmann seia opp leiglendingen om han hadde bygsla jorda etter at ho vart odelsjord. Derimot hadde leiglendingen rett til å halda fram på gardsbruket om han hadde bygsla jorda før den vart odelsjord.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg