Walborg er eit kvinnenamn som kjem av gammalhøgtysk Wal-burg der forleddet tyder ‘velde, makt’ og etterleddet ‘berging’.

Namnet kom med innvandrarar frå Tyskland på 1300-talet. Forleddet Val- i norrøne namn har ei anna tyding: ‘falne i slag’.

Namnet har fleire variantar: Valborg, Walborg.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 250 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Walborg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg