Thor er eit mannsnamn kjem av norrønt Þórr som går tilbake til ein ordstamme *zún. (Verbet dundre inneheld denne ordstammen.)

Namnet har fleire variantar: Thor, Tor.

Kjende personar med namnet Thor

Eit utval personar med namnet Thor, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 7 817 menn i Noreg som hadde Thor som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Thor var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 34 gutar som fekk namnet Thor.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Tor og Thor slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Tor var på topp seinare enn Thor (i 1960-åra), og heilt allment er det vanleg at nordiske namn på Th- er tidlegare på topp enn dei på T-. Også mange andre einstava nordiske mannsnamn hadde toppfasen sin innanfor perioden 1920–1979, til dømes Bjørn, Finn, Geir, Jarl, Kjell, Leif/Leiv, Odd, Rolf/Rolv, Stein/Sten, Svein/Svenn og Ulf.

Utvikling i bruk av namnet Thor frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Thor frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg