Thor Gjermund Eriksen

Faktaboks

Thor Gjermund Eriksen
Født
2. oktober 1966, Oslo
Thor Gjermund Eriksen

Thor Gjermund Eriksen var kringkastingssjef frå 2013 til 2022.

Av /Aftenposten/NTB.

Thor Gjermund Eriksen er ein norsk redaktør og medieleiar. Eriksen var frå 2013 til 2022 kringkastingssjef i NRK. I september 2022 tiltredde han som administrerande direktør i Norsk Tipping. Eriksen er frå 2022 også styreleiar i Oslo Sporveier.

Tidlegare var han journalist og redaktør i Dagbladet og konserndirektør i Amedia AS (tidlegare A-pressa).

Utdanning og politiske verv

Eriksen studerte jus ved Universitet i Oslo (1988–1989) og tok eksamen i sosiologi grunnfag i 1993. Han tok eksamen i bedriftsøkonomi ved Handelshøyskolen BI i 1995.

Samtidig med studiane hadde Eriksen fleire politiske verv for SV. Han var sekretær for SVs stortingsgruppe frå 1989 til 1991, og var SVs byrådssekretær for miljø og samferdsle i Oslo frå 1992 til 1995.

Medieverksemd

Dagbladet og Amedia

Thor Gjermund Eriksen

Thor Gjermund Eriksen

Av /NTB Scanpix ※.

Eriksen var tilsett i Dagbladet frå 1995 til 2006, berre avbrote av eitt år i Aftenposten (2000–2001), der han var leiar for politisk avdeling. I Dagbladet var han reporter, klubbleiar, redaksjonssjef og politisk redaktør, og frå 2003 til 2006 var han sjefredaktør.

I 2006 blei Thor Gjermund Eriksen tilsett i Amedia AS. Frå 2008 var han konserndirektør og frå 2010 til 2013 konsernsjef.

NRK

Eriksen tiltredde som kringkastingssjef i 2013. Han fekk åremålet sitt fornya med seks år i 2019. Men hausten 2021 kunngjorde han NRKs styre at han ønskte å gå av i 2022.

I Thor Gjermund Eriksens periode som kringkastingssjef gjekk statskanalen gjennom store endringar både i struktur, organisasjon og programverksemd. Ordninga med kringkastingslisens blei avvikla i 2019, og NRK blei finansiert direkte over statsbudsjettet frå 2020. I Eriksens tid som NRK-sjef har endringar i organisasjonen resultert i cirka 600 færre stillingar enn då han tiltredde. I denne perioden er også talet på distriktskontor redusert.

Etter at NRK har hatt hovudverksemda si på Marienlyst sidan 1950, var Thor Gjermund Eriksen ein sentral pådrivar då NRK i 2021 vedtok å flytta verksemda til Ensjø.

Programprofilen i NRK blei betydeleg endra i Eriksens tid som kringkastingssjef. Det gjeld både radio og fjernsyn. Den løpande nyheitsdekninga fekk breiare plass. Samstundes mista NRK i denne perioden rettar til å senda viktige sportsevenement live. Det gjeld både fotball og vinteridrettar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg