Wyller var ein aktiv samfunnsdebattant. Han var ein av dei første som tok opp miljø- og ressursspørsmål i Noreg og engasjerte seg i striden om medlemskap i EF/EU, som han gjekk mot. Eit større utval av debattartiklane frå 1940 til 2007 er samla i boka Ytringer (2007).
Han gav ut mellom anna Frigjøringspolitikk (1963, om regjeringsskiftet sommaren 1945), Vårt politiske system (1970), Christian Michelsen. Politikeren (1975), Motforestillinger 1–4 (1975–1978, saman med Kari Bruun Wyller), Skal folket bestemme? Folkeavstemning som politisk prosess (1992) og Demokratiet og miljøkrisen (1999).
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.