Stian Grimseth

Vektløftaren Stian Grimseth frå Tambarskjelvar i aksjon under OL i Athen i 2004.

Stian Grimseth
Av /NTB.

Tambarskjelvar Idrettslag er eit fleiridrettslag frå Naustdal i Sunnfjord kommune i Vestland. Idrettslaget er i seinare tid mest kjent for vektløfting, med fleire utøvarar i den nasjonale eliten og deltakarar i EM, VM og OL. Også innanfor volleyball har Tambarskjelvar lenge vore på nasjonalt elitenivå.

Andre undergrupper i idrettslaget er allidrett, friidrett, fotball, ski og orientering, triatlon og trim.

Historie

Tambarskjelvar Idrettslag vart skipa under namnet «Hermod» i 1905. Laget dreiv i starten med gymnastikk, turn, friidrett og ein leik dei kalla «holmgang».

Den første leiaren var Jakop Slettemark, men då han reiste til USA i 1907 vart idrettslaget liggande passivt. Først i 1914 vart laget starta opp igjen, og då skifta initiativtakarane namn til Tambarskjelvar. Namnet kan truleg forklarast med at det var namnet på eit tidlegare skyttarlag i bygda. For eit skyttarlag var det logisk å ta namn etter den kjende bogeskyttaren Einar Tambarskjelvar.

Etter krigen stod friidretten sterkt i idrettslaget, og Tambarskjelvar vann for første gong Breimstafetten i 1951. Laget vann stafetten til saman ni gongar. Dette gjorde Tambarskjelvar sine løparar kjende i heile Sogn og Fjordane.

I 1952 vart Norvald Herstad nummer to i NM i tikamp. Seinare vart han norsk meister, men då representerte han Gular i Bergen. Tambarskjelvar var òg moderklubben til Gular-løparen Håkon Fimland, som vart norsk meister på 110 meter hekk seks gongar i perioden 1971–1976.

Tambarskjelvar arrangerte for første gong Naustdalstafetten i 1955. I 1981 vart den nye idrettsbana ved Naustdal barne- og ungdomsskule teken i bruk.

Tambarskjelvar var i 1996 representert med to utøvarar under OL i Atlanta. Merita Berntsen vart nummer ni i sandvolleyball, medan Stian Grimseth enda på tiandeplass i vektløfting. Grimseth var òg med i OL i 2000 og 2004.

Vektløfting

Ei vektløftargruppe vart skipa i 1980, men lagt ned allereie tre år seinare. Først i 1994 vart det skipa ny vektløftargruppe i Tambarskjelvar.

Stian Grimseth deltok i OL i vektløfting tre gongar. Han vart i 1996 europameister i rykk i Stavanger, noko han òg greidde året etter. Frå 1995 til 2004 tok Grimseth ti kongepokalar på rad. Også lagkameraten Geir Grønnevik har ein kongepokal i vektløfting.

Tambarskjelvar var arrangørklubb for EM i vektløfting i Førde og Naustdal i 2016.

Volleyball

Volleyballgruppa vart skipa i 1971. Damelaget debuterte i førstedivisjon (svarande til eliteserien i dag) med ein sensasjonell andreplass i sesongen 1981–1982.

Sidan hevda damelaget seg heilt i noregseliten fleire gongar, inntil aktiviteten utover på 2000-talet fall bort og seniorsatsinga vart lagd ned.

Blant dei mest kjende spelarane frå Tambarskjelvar er Merita Berntsen Mol, Jetmund Berntsen og Hilde Elvebakk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Åsmund Berthelsen og Ivar Myklebust Longvastøl: Eldsjeler, dugnad og talent. Tambarskjelvar Idrettslag gjennom 100 år (2008)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg