Håkon Fimland

Faktaboks

Håkon Fimland
Født
8. mars 1942, Naustdal (no Sunnfjord), Vestland
Død
24. juli 2016, Førde (no Sunnfjord), Vestland

Artikkelstart

Håkon Fimland var lærar, idrettsutøvar, politikar og kulturarbeidar.

Fimland var fødd i Naustdal i Sunnfjord. Han var utdanna lærar frå Bergen lærarskule.

Hekkeløpar

Som hekkeløpar står Fimland blant dei fremste i Noreg gjennom tidene. Han vart norsk meister på 110 m hekk seks år på rad frå 1971 til 1976. Han var også med i EM i friidrett i 1969 og 1971 og kom då til semifinalen.

Yrkeskarriere

Fimland jobba som lærar i Bergen 1971–1976 samstundes med at han var aktiv som friidrettsutøvar. I 1976 flytta han tilbake til Førde. Han var dagleg leiar for Førdehuset 1976–1981 og deretter kultursjef og seinare kommunalsjef i Førde kommune fram til han gjekk av i 2012.

Verv

Fimland var nestleiar i Norges Friidrettsforbund 1987–1991 og visepresident 1989–1991. Han var medlem av Norsk kulturråd i åtte år, frå 1985 til 1992. Fimland var medlem av Senterpartiet, og var folkevald først i Bergen og sidan i Førde kommune.

Håkon Fimland fekk Norges Friidrettsforbund sin gullmedalje i 1975. Han fekk Kongens fortenestemedalje i 2009 og Førde kommune sin kulturpris i 2015.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg