Stian Grimseth

Faktaboks

Stian Grimseth
Født
24. juli 1972

Stian Grimseth i aksjon i EM i Tyrkia.

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Stian Grimseth er ein norsk tidlegare vektløftar som deltok i Olympiske leikar to gongar. Han vart utestengd frå leikane i 2000 etter å ha testa positivt for doping. Grimseth tok EM-gull i rykk og har ti kongepokalar i vektløfting. Han konkurrerte for Tambarskjelvar IL i Naustdal i Sogn og Fjordane.

Meritter

  • Europameister i rykk i +108 kg-klassen 1996 og 1997.
  • Tredjeplass samanlagt i EM 1997, fjerdeplass 1996.
  • OL-kvalifisert i 1996, 2000 og 2004.
  • 12 gull i senior-NM, 10 kongepokalar.

Aktiv karriere

Grimseth var den dominerande vektløftaren i Noreg frå han vann sitt første norske meisterskap i 1993 fram til han la opp på toppnivå etter OL i 2004.

Grimseth slo gjennom med EM-gull i Stavanger i 1996. Han var då Noregs første internasjonale meister i vektløfting sidan Leif Jenssen tok sitt første VM-gull i 1971. Stian Grimseth vart tatt ut til OL tre gongar, men fikk teljande resultat berre éin gong. I 1996 vart han nummer ti samanlagt. I perioden 1995 til 2004 tok han ti kongepokalar på rad.

Grimseth står med dei norske rekordane i tyngste vektklasse for menn, med 195 kilo i rykk og 235 kilo i støt. Begge rekordane er sette i 1999.

Dopingsak

Grimseth vart utestengd frå dei olympiske leikane i 2000, etter at han avla positiv dopingprøve med spor av det anabole steroidet nandrolon. Han forklarte dopingprøva med at kosttilskotet Ribose, som han hadde brukt, måtte vere forureina. I 2001 vart Grimseth utestengd i fem månadar av domsutvalet i Noregs Idrettsforbund. Straffa frå Det internasjonale vektløftarforbundet vart på 15 månadar. Han gjekk seinare til søksmål mot produsenten av kosttilskotet, Universal Nutrition. I 2006 inngjkk partane eit forlik, utan at beløpet er offentleg kjent.

Grimseth deltok i OL i 2004, men vart ståande utan resultat etter at han vart skadd under konkurransen.

Etter karrieren

Grimseth deltok i 2009 i NRK-serien Mesternes Mester, der den tidlegare vektløftaren tok andreplassen bak syklisten Dag Otto Lauritzen. I april 2016 var han leiar for EM i vektløfting då arrangementet vart avvikla i Førde og Naustdal. Frå mars 2019 er Stian Grimseth president i Noregs Vektløftarforbund.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg