Geir Grønnevik

Faktaboks

Geir Grønnevik
Født
21. februar 1980, Naustdal

Geir Grønnevik er ein tidlegare norsk vektløftar som vann kongepokalen i 2005. Grønnevik representerte Tambarskjelvar IL, og han deltok fleire gongar for Norge i EM og VM.

Grønnevik vann fire NM-gull og to nordiske meisterskap som junior, før han slo gjennom som senior og vann norgescupen i 2003. Same året vann han NM for senior første gong. Han vart norgesmeister også i 2004, 2005 og 2008, alle gongane i 105-kilosklassen. I 2005 vart han også tildelt kongepokalen som beste løftar i NM.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg