Sverre Myrli

Faktaboks

Sverre Myrli
Født
26. august 1971, Nes, Viken
Stortinget.

Artikkelstart

Sverre Myrli er stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Akershus sidan 1997.

Bakgrunn

Sverre Myrli er fødd i Nes i Akershus (no Viken). Han gjekk på Nes videregående skole i 1987–1990, tok bachelorgrad i offentleg styring ved Høgskolen i Oslo (no OsloMet – storbyuniversitetet) i 2002–2005 og har ein mastergrad i offentleg administrasjon frå Handelshøjskolen i København frå 2011. Myrli var organisasjonskonsulent i Norsk Folkehjelp i 1993–1994, vikarbetjent i Forsvarets Bygningstjeneste i 1994–1996 og vaktbetjent og konsulent i Forsvarsbygg i 2004–2005.

Politisk karriere

Myrli hadde tillitsverv i Nes AUF i 1985–1994, var medlem av styret i AUF Akershus i 1988–1990 og leiar i 1991–1993 og medlem av AUFs landsstyre. Han var òg ungdomssekretær i Akershus AUF i 1990–1992. Han var medlem av styret for Nes Arbeidarparti i 1988–1990 og av styret for Akershus Arbeidarparti i 1991–1993, representant for Arbeidarpartiet i Nes kommunestyre i 1991–2007, medlem av fylkestinget i Akershus i 1991–1997 og medlem av landsstyret i Arbeidarpartiet frå 2002.

Myrli var politisk rådgivar for statsråd Sissel Rønbeck i Samferdselsdepartementet i regjeringa Jagland i 1996–1997. Han var vald inn som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Akershus i perioden 1997–2001. Han var vararepresentant i 2001–2005 og har igjen vore innvald som fast stortingsrepresentant sidan 2005. Frå 2021 er han leiar av fullmaktskomiteen på Stortinget og første nestleiar av kontroll- og konstitusjonskomiteen. Han var og fjerde visepresident på Stortinget ein kort periode. Politisk har han vore særleg oppteken av betre kollektivtrafikk, samferdsel og omsorg.

Andre verv

Myrli har hatt ei lang rekkje verv. Mellom anna var han leiar av Sosialdemokrater mot EU (SME) i 1993–1994, medlem av styret for Akershus Reiselivsråd i 1994–1996, styret for Akershus Bedriftsrådgiving A/S i 1994–1997, styret i Framfylkingen Akershus i 1995–1997 og leiar av styret for Stor-Oslo Lokaltrafikk AS i 1995–1996.

Myrli var medlem av styret for Gamle Hvam Museum i 1995–1997 og 1999–2004, AOF Oslo og Akershus i 1997–2001, Romerike Folkehøgskole i 2003–2007 og styret for Akershus fylkeskommunale pensjonskasse (no Viken pensjonskasse) frå 2007. Han var leiar av styret for SPD Freundekreis Oslo i 2008–2009 og medlem i 2009–2012, medlem av rådet for Nordmanns-Forbundet i 2010–2015 og leiar av den norsk-tyske Willy Brandt-stiftinga frå 2011.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg