St. Thomaskyrkja
Den nye St. Thomaskyrkja vart innvia i 1971.
St. Thomaskyrkja
Av /NTB.
Filefjellskrinet

Relikvieskrin frå St. Thomaskyrkja på Filefjell

Filefjellskrinet
Av /Kulturhistorisk museum.

St. Thomaskyrkja er ei kyrkje i Vang kommune i Innlandet fylke, ved Kyrkjestølane på Filefjell. Kyrkja høyrer til Valdres prosti i Hamar bispedøme.

Faktaboks

Også kjend som

St. Tomaskirken, Sankt Thomaskirken

Etymologi

vigd til Thomas Becket (1118-1170) eller apostelen Tomas.

Arkitekt
Claus Lindstrøm
År
1971
Materiale
Betong og tre
Plassering
Kyrkjestølen på Filefjell, Vang kommune

Kyrkja er bygd i betong og tre og vart oppført i 1971. Kyrkja er bygd etter teikningar av arkitekt Claus Lindstrøm og har rundt 150 sitjeplassar.

Den opphavlege kyrkja på Kyrkjestølen var ei stavkyrkje som vart riven i 1808.

Eksteriør

Kyrkja har utvendige vegger av betong, medan veggene i kyrkjerommet er kledde med tre. Ho har ein kvadratisk grunnplan med kor mot aust. Golvet er dekt med valdresskifer.

I utgangspunktet består kyrkja berre av eitt stort rom med eit pyramideforma tårnbygg med ein spiss tårnhatt plassert midt i rommet. I hjørna er det likevel små avlukke som er avgrensa av skiljevegger. Kyrkjeklokkene er frå den gamle stavkyrkja.

Opninga av nye St. Thomaskyrkja i 1971
Opninga av nye St. Thomaskyrkja i 1971
Av /NTB.

Interiør

Opninga av nye St. Thomaskyrkja i 1971
Opninga av nye St. Thomaskyrkja i 1971
Av /NTB.

Altartavla har eit måleri av krossfestinga i midtbiletet som opphavleg vart gjeve til stavkyrkja i 1677. Døypefonten frå den gamle kyrkja er no i Øye stavkyrkje. Dagens døypefont har firkanta sokkelform med breie bord. Preikestolen er tresida og kledd med bord med brotne hjørne. Orgelet frå 1970 er bygd av Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk.

Historie

Teikning frå 1966 av korleis stavkyrkja kan  ha sett ut
Teikning frå 1966 av korleis stavkyrkja kan ha sett ut
Av .

St. Thomaskyrkja er oppkalla etter ei stavkyrkje som låg på Filefjell i mellomalderen. Ho skal ha vorte oppført omkring 1200 og vart vigd til Thomas Becket, erkebiskopen av Canterbury.

Stavkyrkja var i bruk fram til svartedauden (1349-1350). Då gjekk kyrkja ut av bruk, inntil folketalet auka att på 1600-talet og presten T. A. Bahr i Vang tok initiativ til å få sett kyrkja opp att. På denne tida vart mange gamle katolske kyrkjer sette i stand, det same skjedde med St. Thomaskyrkja omkring 1615.

Den gamle kyrkja var mellom anna ein møtestad for reisande over Filefjell, og fram til tidleg på 1800-talet var det ein årleg tradisjon med gudsteneste ved presten i Vang kvar 2. juli. Det var knytt mange segner til kyrkja, som trekte til seg folk frå heile landet som ønskte botemiddel. På slutten av 1700-talet kom det ei fjellstove i nærleiken, og i 1808 vart kyrkja riven.

Farmenn fra Gausdal utenfor selehuset på Filefjell

«Handelsmenn kjem til selehuset ved St. Thomaskyrkja.» Kvar sommar var det stemne på Filefjell og tilreisande kom frå bad̊̊dei Valdres og Sogn og endå lengre borte. Mykje tyder på denne tradisjonen er eldre enn kyrkja, som vart bygd på slutten av 1100-talet.

Illustrasjon av Arnold Thornam: «Farmenn frå Gausdal utanfor selehuset på Filefjell» i boka «Frå Rauma til Rhinen» av Theodor Caspari, 1933.

Farmenn fra Gausdal utenfor selehuset på Filefjell
Av .

Attreising

Plakat for attreising av kyrkja
Plakat for attreising av kyrkja
Av /Sørum.

I 1922 vart det lagt ned ein grunnstein til ei ny kyrkje teikna av Olaf Due, men økonomiske problem og diskusjonar om byggjemateriale førte til mange utsetjingar av planane.

I mellomkrigstida starta diktaren og kulturmannen Anders Underdal og Noregs Ungdomslag ein kampanje for gjenreising. Diverre for Underdal adopterte Nasjonal Samling gjenreisinga av kyrkja som ei av sine kampsaker. Etter andre verdskrigen vart planane lagt vekk.

På 1960-talet utarbeidde Claus Lindstrøm nye teikningar. Grunnsteinen vart lagt ned i 1970 og 2. juli 1971 vart St. Thomaskyrkja vigsla.

Frå heftet «St. Thomaskyrkja på Filefjell», 1942

Det var harde diskusjonar om St. Thomaskyrkja skulle gjenreisast i stein eller som stavkyrkje. Her er to av utkasta til korleis den nye kyrkja kunne sjå ut.

Frå heftet «St. Thomaskyrkja på Filefjell», 1942
Av .

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hermundstad, Knut (1966). St. Tomaskyrkja på Fillefjell. Les på nb.no

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg