Slaget ved Kösedağ var eit slag som fann stad i det armenske høglandet, aust i dagens Tyrkia, sommaren 1243. Her sigra mongolane over dei anatolske seldsjukkane, og slaget leidde fram til oppløysinga av Seldsjukkriket i Anatolia.

Faktaboks

Uttale

køsseda:

Etymologi

etter det tyrkiske navnet på fjellet der slaget stod

Også kjend som

slaget ved Köse Dağ

armensk Ch’man-katuk

Slaget var del av omfattande mongolske erobringar i Sørvest-Eurasia fram mot midten av 1200-talet. Dei er samla sett ein milepæl mellom sein middelalder og nytid i islamsk historie, og dei la grunnlaget for det sørvestlege mongolimperiet, Ilkhanatet, som vart etablert under leiing av Hulagu khan i 1256, sjå Mongolriket.

Hærane som møttest i slaget ved Kösedağ vart leia av seldsjukksultanen Ghiyath al-Din Kaykhusraw 2 og den mongolske hærføraren Baiju, utsett av Djengis khans son og arvtakar i vest, Ögedei khan.

Bakgrunn

Etter at Djengis khan, som kan omsetjast til verdsherskaren, var blitt utvald på ei konføderasjonssamling i Mongolia i 1206, starta den største ekspansjonen av eit rike som verda hadde sett. Aust for Anatolia vart det tidlegare mektige Khoresm lagt i grus under den seige og svært valdelege mongolske erobringa 1219–1221.

Etter fleire framstøt mot Georgia og andre delar av Kaukasus frå 1220 vann mongolane endeleg dette området i 1236.

Følgjer for Seldsjukkriket i Anatolia

Seldsjukkriket i Anatolia fall ikkje etter slaget i Kösedağ, og mongolane inntok ikkje hovudstaden Konya i vest. I staden vart sultanen tvinga til å betale årleg tributt til mongolherskaren, og dei austre delane av Anatolia gjekk, som Kaukasus og områda som hadde høyrt til Khoresm, etter kvart inn i det mongolske Ilkhanatet. Anatolia vart i tillegg destabilisert slik at det oppstod konkurrerande fyrstedømme til Seldsjukkriket. I tillegg sleit Konya med gjentekne indre strider i siste halvdelen 1200-talet.

Betydning i islams historie

Etter erobringa av Khoresm er slaget ved Kösedağ den andre i ei rekke av tre hendingar med særleg stor betydning for den islamske verda i samband med den mongolske ekspansjonen. Den tredje hendinga er Hulagu khans erobring av Bagdad i 1258, som betydde slutten på abbasidekalifatet der.

Ei fjerde hending markerte slutten på mongolsk ekspansjon i Den islamske verda. I 1260 tapte mongolane slaget ved Ain Jalut mot mamelukkane i Egypt, og definerer dermed den sørvestre grensa for ekspansjonen.

Herjingane i Bagdad og slutten på kalifatet der innebar ei radikal endring av føresetnadane som muslimane hadde hatt for sin religion. Kalifen hadde til dømes gjeve seldsjukkherskarane tittelen sultan, sidan dei var sette til å beskytte han. Den første av dei som fekk den tittelen var Alp Arslan. Då det ikkje lenger fanst ein kalif i Bagdad, vart det skapt eit brot som gjorde at muslimane måtte tenkje nytt om islam på mange plan.

Kulturelle nedslag i Anatolia etter mongolinvasjonane

Alle dei tre hendingane hadde også direkte følgjer for tyrkarane i Anatolia. Khoresm var, som Seldsjukkriket i Anatolia, eit persisk-islamsk rike med ein stor del av tyrkisk-talande. Anatolia var særleg prega variantar av den sørvestlege språkgruppa, oghuzisk.

Khoresm hadde dessutan teke opp i seg dei austre og sentrale delane av Det store seldsjukkriket, som Seldsjukkriket i Anatolia var gått ut ifrå. Dei mongolske herjingane lenger aust fekk derfor direkte følgjer for Seldsjukkriket i Anatolia ved at det vart avskore frå det direkte sambandet austover.

Som følgje av invasjonen av Khoresm 1219–1221 kom dessutan tusenvis av flyktningar, særleg frå området Khorasan, til den anatolske hovudstaden Konya og andre delar av Anatolia. Desse hadde med seg nye kulturelle impulsar. Ikkje minst innebar innvandringa ei styrking og statusheving for det tyrkiske språket. Frå Khorasan kom det også mange sufileiarar, som held fram med å forkynne si mystiske forståing av islam i Anatolia, sjå islams historie.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg