Ince Minare
Konya var hovedstaden i seldsjukkriket i Anatolia. Ince Minare i Konya var opprinneleg ein madrasa fra seldsjukkisk tid (1200-tallet), nå museum.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Seldsjukkriket i Anatolia var eit rike på det anatoliske høglandet, det vil seie over store delar av det som i dag er Tyrkia, i perioden 1071–1277. Hovudstaden var Konya.

Faktaboks

Uttale

Seltsjukkriket i Anatolia.

Etymologi
Seldsjuk, tyrkisk Selçuk, var den myteomspunne stamfaren til seldsjukkdynastia.
Også kjend som

Rum-sultanatet, Det seldsjukkiske sultanatet i Rum

engelsk Seljuk empire, Sultanate of Rum

Statsdanninga kom til etter slaget ved Manzikert i 1071, og var eit av fleire seldsjukkrike som oppstod etter splittinga av Det store seldsjukkriket som ekspanderte frå Khoresm og Khorasan etter at dette riket først vart organisert under Toghril beg i 1037. Rundt 1100 strekte Det store seldsjukkriket seg frå Kina til Bysants, og hovudstaden låg i Iran.

Bakgrunn

Alt på 800-talet hadde stadig fleire tyrkarar begynt å tene kalifane i Bagdad. På 900-talet begynte heile stammar å innvandre til Iran og Irak, og under leiing av Seldsjuks familie, som inntok Bagdad i 1055, oppretta dei et stort rike som omfatta mesteparten av den austlege delen av kalifatet. Abbasidekalifen gav Toghril beg sultantittelen etter erobringa av Bagdad. Det innebar at seldsjukkherskarane beskytta kalifatet.

Hærane til kalifen ved grensa mot Det austromerske riket hadde i lang tid vore mest tyrkiske, og i løpet av 1000-talet begynte ei omfattande innvandring til Anatolia etter at Det bysantinske riket vart tvunge til å oppgi størstedelen av dette høglandet, som vart innlemma i Seldsjukk-sultanatet.

Storheitstid

Den anatolske greina av seldsjukkdynastiet gjekk ut frå hærføraren Kutalmış, fetter av Toghril beg, som begge vart sagt å vere barnebarn av den myteomspunne Seldsjuk.

Omkring år 1200 hadde etterkommarane hans bygd opp ein sterk stat i Anatolia med hovudstaden Konya, òg kjend gjennom latin som Iconium.

Første halvdelen av 1200-talet var Konya ein kulturell smeltedigel med stor innverknad i den islamske verda. I Anatolia, som frå før var dominert av gresk og armensk, vart persisk og arabisk introdusert samstundes som tyrkisk etablerte seg. Kultursyntesen og språkutviklinga som oppstod mellom folka og tradisjonane som møttest her, la grunnlaget for Tyrkia slik vi kjenner det i dag, og ein del av tradisjonane som etablerte seg den gongen, er felles for Tyrkia og Iran.

Konya var på 1200-talet tilhaldsstad for viktige tenkarar som Ibn al-Arabi og Sadreddin Konevi, og diktaren Mawlana Jalal al-Din Rumi.

Oppløysing

Seldsjukkriket i Anatolia var det av seldsjukkrika som levde lengst. Ut frå hovudstaden Konya i vestre Anatolia styrte seldsjukkdynastiet fram til 1277, då byen vart erobra av det framveksande fyrstedømmet Karaman.

I siste halvdelen av 1200-talet vart riket svekt av mongolane, regionale fyrstedømme i Anatolia og indre maktstrider, til det gjekk i oppløysing rundt 1300.

Utover 1400-talet hamna etter kvart Karaman og andre tidlegare seldsjukkområde inn under Det osmanske riket.

Kulturarv

Den mest tydelege immatrielle kulturarven etter Seldsjukkriket i dag er litteraturen etter Mawlana Jalal al-Din Rumi, den religiøse ordenen mawlawiya skapt i namnet hans og dei kulturuttrykka, inkludert musikk og dans, som kjem til uttrykk gjennom mawlawi-ritualet. Mausoleet over Rumi ligg sentralt i Konya, og er ein viktig valfartstad, ikkje minst i samband med dødsdagen til diktaren 17. desember.

Riket har også sett viktige spor etter seg innanfor andre kunstartar, som arkitektur, kalligrafi og keramikk, ikkje minst synlege i Konya.

Dessutan var det under Seldsjukksultanatet i Rum at islam fekk feste i Anatolia, og at tyrkisk språk og kultur spreidde seg i regionen. Sufismen og den religiøse tenkinga som utvikla seg under Seldsjukkriket, har sett varig preg på religiøsiteten i Tyrkia og på Balkan.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg